Stipendiat Siv Elén Årskog Vedvik
Siv Elén Årskog Vedvik er tilsett som stipendiat og skriv doktorgradsavhandling ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.
Hovedinnhold
Temaet for avhandlinga er forholdet mellom kommunal og nasjonal kompetanse i saker som gjeld areal- og miljøforvaltning. Ei overordna problemstilling er om det er kommunalt sjølvstyre som kjenneteiknar saksprosessane, eller om det er stor grad av statleg styring. Eg vil først og fremst fokusere på vedtak av kommuneplanar og reguleringsplanar, og dei statlege organa sitt høve til å kome med motsegn til desse. Motsegner har stor praktisk betyding, fordi dei fører til endring i avgjerdskompetansen; kommunen kan ikkje eigengodkjenne ein plan det er knytt motsegn til, men må mekle med staten og eventuelt rette seg etter avgjerd frå departementet. Praksis viser at motsegn, og varsel om motsegn, blir svært ofte bruk. Spørsmålet er om dette er fordi kommunane ofte vedtek planar som er i strid med nasjonale og regionale omsyn, slik at det er grunnlag for motsegn, eller om dei statlege organa går for langt i å «blande seg» i arealbruken. For å få eit betre bilete av forholdet mellom stat og kommune vil eg òg sjå på handsaming av enkeltsaker, og då særleg saker om dispensasjon frå plan. Eg vil vidare gjere ei samanlikning av vårt system med korleis Sverige, Danmark, Skottland og Canada balanserer kommunalt sjølvstyre med statleg kontroll.