Hjem
Fakultet for kunst, musikk og design
Kunstnarisk utviklingsarbeid

Forsking gjennom kunst

”The Norwegian Model” blir den norske tilnærminga til kunstnarisk utviklingsarbeid kalla. Her veg kunstnarisk arbeid tyngre enn teoretiske modellar. Ved UiB er kunstnarisk ph.d-grad på trappene.

Darla Crispin
KUNST SOM METODE: – Kunstnarisk utviklingsarbeid kan gje innsikter andre vitskaplege metoder ikkje kan, sa Darla Crispin under forskingsseminaret til Fakultet for kunst, musikk og design.
Foto/ill.:
Mia Kolbjørnsen

Pianist Darla Crispin spelar eit utdrag frå Schønberg i Aulaen på Universitetsmuseet. Ho spelar veldig sakte. Kvar tone treff den stille salen som ujamne  hjarteslag.

– Eg har halde på med dette stykket i 35 år. Det er eit særs vanskeleg stykke å spele og ein blir aldri ferdig utlært, seier Crispin som er direktør ved Arne Nordheim-senteret ved Norges Musikkhøgskole. Darla Crispin er komme til Aulaen og Universitetet i Bergen for å halde foredraget: An Unfolding Field: Artistic Research as a Process of Emergence. Det er Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) som inviterer til seminar om kunstnarisk utviklingsarbeid. KMD skil seg frå andre fakultet, fordi dei i stor grad består av utøvande kunstnarar, musikarar og designarar som også er forskarar. Forskingsobjektet er eigen kunst og kunstnarisk praksis. Men kva skal så ein kunstnarisk ph.d. vere, og korleis skil den seg frå anna forsking? Kortversjonen er at ein forskar gjennom kunst og ikkje på kunst.

Lydens natur

Kanadiske Crispin er både konsertpianist på høgt nivå og har doktorgrad i musikkvitskap. Ho vart tilsett ved Arne Nordheim Senter for å vere ein pådrivar for kunstnarisk utviklingsarbeid. Darla Crispin meiner at kunstnarisk forsking er i sitt vesen original, fordi du har laga kunsten er det berre du som kan finne ut av kva dette skal vere. Gjennom foredraget sitt med utdrag frå Schønberg, frå Mahler, frå skrift og enkel papirkunst ville Crispin blant anna vise korleis kunstnarisk praksis kan gje idear til kunstnarisk forsking.

– Gjennom å gå inn i slik praksis kan ein utvide territoriet der ein jobbar, og gå inn i kva som er konteksten for ideane. Når eg spelar dette stykket av Schönberg, er det for å vise ein refleksjon over ”the nature of sound”, lydens natur, som kan gje idear til å tenke om korleis Schönberg kan tolkast og framførast.

Crispin streka også under det spesielle ved kunstnarisk forsking. For der forskaren i tradisjonell forsking er forventa å oppføre seg nøytralt, er kunstnaren ein innvevd del av kunstverket, eller i dette tilfellet musikkframføringa.

Å brette kunnskapen saman

Slik blir kunnskapen ein del av hendinga, eller her, av framføringa av musikkstykket.

– Kunsten kan hjelpe oss å vise fram verda, ”become better unfolders”. Det er der den kunstnariske praksisen møter refleksjonen at dei viktige innsiktene finn stad. Gjennom denne spesifikke metoden, der ein så og seie bretter sammen refleksjonen og det faktiske kunstverket, i det møtet, at det oppstår noko som dei to tinga ikkje har kver for seg. Eg er interessert i ein tredje veg, der eg er både forskar og kunstner.

Men kunstnarisk utviklingsarbeid er ikkje for alle, seier Crispin. For kunstnarar er ulike, for nokre er det nok å vere utøvar. For andre kan det vere ønskeleg å reflektere uten å kommunisere det ut. Men det som styrkar kunsten på sikt er når kunstnarar kan dele refleksjonane sine med andre.

Tidligare har Darla Crispin definert det særmerkte ved kunstnarisk utviklingsarbeid slik på nettsidene til Norges musikkhøgskole:
– Kunstnarisk utviklingsarbeid kombinerer den indre, erfaringsbaserte kunnskapen og kunnskap tileigna frå utsida. Strenge metodiske krav plasserer arbeidet på eit vitskapelig nivå, men med sitt eige språk og med kunstnarisk utøving på høgast moglege nivå. Det nye i denne disiplinen er å gje den kunstnariske praksisen og erfaringa verdi og relevans som forskningsmateriale.

Den norske modellen

Norge har velt ein modell som skil seg frå dei fleste andre lands kunstnariske ph.d-ar. Denne metoden for kunstnarisk utviklingsarbeid blir kalla  ”The Norwegian model”. Johan Sandborg, interimsprodekan for forsking på KMD, seier at det spesielle med den norske modellen er at ein set det kunstnariske arbeidet først.

– Kunsten står i fokus, medan refleksjonen, det kritiske arbeidet blir gjort rundt det kunstnariske arbeidet. Slik blir det kunstnariske arbeidet ein metode i forskninga.  Dette er unikt i Europa, sjølv i Sverige er hovuddelen av kunstnarlege ph.d.-arbeid tunge teoretiske avhandlingar. Modellen vi har velt har vi jobba såpass lenge for at vi har fått gehør for det, og no blir  ph.d oppretta her i Noreg. Håper at vi kan ta opp til de første ph.d-ane høsten 2017.

Framleis er Kunnskapsdepartementet usikre på kva dei skal kalle den nye graden.  Kunstmiljøa har foreslått ph.d. i skapande og utøvande kunst.

For eit namn er ikkje berre eit namn, og plasseringa av kunstnarisk ph.d-grad i det akademiske landskapet får implikasjonar. Henk Borgdorff er ein annan internasjonal kapasitet på kunstnarisk utviklingsarbeid.  På seminaret i Aulaen argumenterte Borgdorff, som er professor ved University of the Arts i Haag, Nederland, for at vi ikkje skal sidestille det som kallast kunstnarisk forskning, med andre former for akademisk forsking.

Kunstnarisk utviklingsarbeid er også forsking

– Kunstnarar gjer i si forskning ofte bruk av innsikter, metoder og teknikker, frå andre forskingsgreiner, men det sentrale i kunstnarisk utviklingsarbeid er praksis. Kunnskapen er innvevd i sjølve kunstverket.

Borgdorrf sa at når forskingsmetoden er å gå inn i kunstverket og analysere derfrå, blir resultatet ofte ukonvensjonelt. Det kan vere eit kunstverk eller ein konsert. Men tyder dette at kunstnarleg forsking er mindre verdt enn tradisjonell forsking?

– Nei, svarer Borgdorff på sitt eige spørsmål. Han meiner at kunstnarisk utviklingsarbeid bør redefinerast, men det bør også definisjonen av kva som er forsking.

– For kva er til dømes motsetnaden mellom kunstnarisk praksis og skriving? Er ikkje også skriving kunstnarisk praksis? Er ikkje kunsten til dømes i slekt med filosofien? Vi må sjå etter allierte i akademia, og finne dei vi kan utveksle idear med, påpeiker Borgdorff som har skrive ei rekke bøker om kunstnarisk utviklingsarbeid.

Men, kunstnarar må passe seg når dei låner teorier og metoder frå andre disipliner, åtvarer han.
– Ein må vere oppe på kvalitetsnivået til disiplinen ein hentar teorien i frå. ”Sloppy” bruk av teori er ikkje bra, ofte er desse teoriane, som gjerne er franske, ikkje særleg nyttige for det vi vil formidle gjennom kunsten. Ikkje sjå opp til akademia, vi har noko å tilby som dei ikkje har.

Kunstnarisk fridom møter etikk

Prorektor Johan Sandborg er sjølv utøvande kunstnar og professor i fotografi ved Institutt for kunst på KMD. Han meiner det var svært nyttig at fagstaben på Fakultet for kunst, musikk og design kom saman til dette seminaret.

–  Noko av det første vi bestemte som nytt fakultet var at vi trengte å samlast. For det første for å sette kunstnarisk utviklingsarbeid på agendaen. Men vi ville også finne ut kvar vi har felles referanser og bygge miljøet.  Seminaret tok også opp viktige spørsmål som handlar om dei etiske sidene ved kunstnarisk praksis og forskning, seier Sandborg.

Han meiner at det er naturleg at etikk vart gitt ein eigen bolk på seminaret der Hallvard Fossheim, professor i filosofi ved Universitet i Bergen, snakka om det filosofiske grunnlaget for etikk, og etikk i kunstnarisk forsking.

– Ofte svarer kunstnarar at prosjektet deira ikkje har etiske problemstillingar. Dei er vane til å tenke full kunstnarisk frihet. Men no når vi får ph.d-grad også for kunstnarisk forsking må etikken få ein større plass. For kva spørsmål stiller ein seg og korleis forheld ein seg til dette? Desse tinga må vi tørre å sjå på uten at det skal bli et regelverk, men sjølvsagt vil vi halde oss innanfor lova. Dette er noko av det eg ønsker at vi skal bruke tid på å diskutere.

Sandborg meiner at den andre interessante diskusjonen som var oppe på seminaret var den om den kunstnarisk forsking som tilsvarande akademisk forskning. Han er einig med Henk Borgdoff i at dette er å sette opp eit kunstig skille.
–  Det skal heller vere sånn at den kunstnarlege forskninga er ein del av den store forskingsparaplyen. Vår haldning skal ikkje vere at vi er så ”spesielle” at vi må gjere tinge på vår eigen måte. Vi er faglig annleis men vi er en del av ein større fellesskap, for kvifor skal vi elles vere innafor?

– Kunst er ikkje gjenstandar

Det særskilde med kunstnarisk utviklingsarbeid er metoden. I følgje Sandborg  er det lett å misforstå kunstnarar som nokon som lager noko, at kunst er gjenstandar.– Men det er ikke maleriet som er forskninga di, det er det metoden din som er. Objektet blir ein del av metoden, den er bærar av formidlinga av denne kunnskapen.  Den kunstnariske forskninga er å finne ein god problemstilling, og så sette den ut i live gjennom kunstnarisk praksis. Hildur Bjarnadottir som nyleg forsvarte doktorgrada si ved KMD er eit veldig godt døme på det, i arbeidet sitt bretter ho saman ting for å sette lys på denne staden på Island som handlar om minne.

Korleis blir tankane dykkar om forsking møtt ved Universitetet i Bergen?

– Mitt inntrykk  at det er stor åpenheit, SV-fakultetet har allereie tatt kontakt med oss og ønsker samarbeid om forskningsprosjekt. Eg trur mange her trudde det ville bli vanskelegare. Eg er litt overraska over denne forutinntattheita om at ingen forstår oss, det er ikkje heilt sånn, denne ideen om at kunsten er kreativ. Nei, kunsten er berre ein måte å tenke på. Det er tankegods på line med anna forsking. Og eg trur at andre forskarar kan bli nysgjerrige på tenkninga som ligg bak. Eg gler meg veldig til å sjå kvar vi går

Kunstnaren er ikkje filosof

Kva tenker du om det Henk Borgdorff kallar ”sloppy” bruk av teori i kunstfeltet?

– Det er stor skilnad på å vere innanfor ein filosofisk teoretisk diskurs, og å stå ein annan stad å nytte filosofiske teoriar. Ein må vere klar over at ein faktisk ikkje er filosof. ”Sloppyheita” kan ha den konsekvensen at ein kan ha kjensla av at kunstnaren ser på seg sjølv som filosof. Men når det er sagt så er både master og bachelorprogramma tunge og krevjande utdanningar med teoretiske og  filosofiske modellar på pensum, seier Sandborg som meiner det er viktig å halde på eigenarta til faget.

– Dette er viktig for at ikkje kunsten blir overkjørt av ideen om at departementa si betoning av realfag, der ein vil hive dei mellommenneskelige og humanistiske disiplinane ut av døra.

Kunsten mot løgnen

Tidlegare rektor ved Kunsthøgskolen (KHiB) Nina Malterud har sagt i eit intervju i Forskerforum at tidlegare KHiB driv kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt nivå.  Kan du utdjupe kva ho meiner med dette?

– Som sagt, kunstnarisk utviklingsarbeid er ikkje vitskapliggjering, men styrking av den kunstnariske kjerna. Dette må sjåast i kontekst; mange kunstnarar er redde for det dei kaller akademisering av faga sine. Men kva er akademisering? For mange kunstnarar tyder akademisering ei nedgradering av den kunstnariske verdien. Og sant nok, dei siste tiåra har kunsten lagt stadig meir vekt på teori. Ein av styrkane ved kunstnarisk utviklingsarbeid er mange forskjellige metodar. Vitskapen er ikkje vår fiende, men ein del av det same, seier Johan Sandborg.

– I ”the post –truth world” held kunsten sanningar. Verda treng kunsten desperat no, hevda Darla Crispin i Aulaen, med henvising til Trump-epoken vi alle er fanga i.

– Når Trump underminerer sanning og korleis vi definerer kva som er sant, treng vi nye modige diskursar frå kunsten, som kan ta oss inn i territorier som ikkje er utforska, seier Crispin til lyden av sakte tonar frå flygelet.