Hjem
Kunst og hage

Veggmosaikken i Stein Rokkans hus

Det er fleire gode grunnar til å ta trappa i staden for heisen i det gamle BT-bygget, noverande Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten 5. I tillegg til trimmen tilbyr trappa eit møte med steinmosaikken til Bergenskunstnaren Reidar Johan Berle (1917-1997).

Neste
Veggmosaikk
Reidar Johan Berle. Veggmosaikk.
Foto/ill.:
Alf E. Andresen
1/6
Veggmosaikk
Reidar Johan Berle: Veggmosaikk
Foto/ill.:
Alf E. Andresen
2/6
Veggmosaikk
Reidar Johan Berle: Veggmosaikk
Foto/ill.:
Alf E. Andresen
3/6
Veggmosaikk
Reidar Johan Berle: Veggmosaikk
Foto/ill.:
Alf E. Andresen
4/6
Veggmosaikk
Reidar Johan Berle: Veggmosaikk
Foto/ill.:
Alf E. Andresen
5/6
Veggmosaikk
Reidar Johan Berle: Veggmosaikk
Foto/ill.:
Alf E. Andresen
6/6
Tilbake

Hovedinnhold

Reidar Johan Berle var først og fremst illustratør. Han blir omtala som ein av dei fremste norske bokkunstnarane på 1900-talet. Berle starta som typograflærling i Bergens Tidende. I storparten av yrkeslivet var han tilknytt J.W.Eides Forlag A/S. I løpet av femti år medverka Reidar Johan Berle til utgjeving av like mange bøker, han teikna frimerke og fleire originalar til UNICEF-kort.

Utsmykkinga hans breier seg over heile sørveggen i vestibylen og på alle dei sju kortveggene oppover i trapperommet.Stilen hans var abstrakt, men frodig og fabulerande. Teikningane er forenkla, naivistiske og ofte med eit grafisk preg. Slik framstår også utsmykkinga han utførte i Bergens Tidende sitt nybygg i 1965. Dermed skaffa han huset eit integrert kunstverk som står i same tradisjonen som utsmykkinga på veggene i regjeringskvartalet frå 1956 og 1969.

Steinmosaikken er som eit monumentalmåleri utført ved hjelp av stein og mørtel lagt i betong. Steinen har ulike fargenyansar, formene skaper eit rytmisk spel på veggflatene. Berle dekorerte også Evanger kraftstasjon med eit enormt relieff i glas og betong i 1969 og symjehallen på Krokeide yrkesskule.

Bilete av Berle er innkjøpt av Riksgalleriet, Bergen Billedgalleri, Haugesund Billedgalleri og Odda Faste Galleri.

Eva Røyrane