Hjem
Matematisk institutt

Oppfriskingskurs før semesterstart 2019

Skal du studere ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet til hausten? Då kan det vere klokt å følgje oppfriskingskursa våre i matematikk før studiane startar.

Foto/ill.:
colourbox.com

Du som anten skal lese MAT101 - Brukarkurs i matematikk eller MAT111 - Grunnkurs i matematikk I kan ha nytte av å delta på eitt av dei to oppfriskingskursa våre i veke 32.

Det eine forkurset gjev ein repetisjon av relevante delar av pensumet frå R1, medan det andre gjev tilsvarande for R2. Med relevante delar meiner vi her den teorien frå R1/R2 du treng til MAT101/MAT111.

MERK: Det er ikkje naudsynt med påmelding for å delta på oppfriskingskursa


Du bør investere litt tid på repetisjon av følgjande grunnleggjande teknikkar:

- algebraisk notasjon

- reglane for brøkrekning

- reglane for rekning med potensar (altså grunnlaget for logaritmereglane)

- grunnleggjande teknikkar for faktorisering av algebraiske uttrykk

 

Oppfrisking av R1 - (forkurs for MAT101)

Stad: Auditorium 1, Realfagsbygget 

Dag

Dato

Undervisingstid

Tema (tentativt)

Måndag

05.08

 09:00 - 12:00

Tal og tallinje
Grunnleggjande rekning
Brøk og brøkrekning
Potensreknereglar
Kvadratsetningane og konjugatsetninga
Litt om mengde

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Tysdag

06.08

 09:00 - 12:00

 

Primtal og primtalfaktorisering
Å løyse ulike typar likningar
Ulikskapar

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Onsdag

07.08

09:00-12:00

Koordinatsystemet
Rette linjer
Funksjonar
Trigonometri

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Torsdag

08.08

09:00-12:00

Eksponensialfunksjonar
Logaritmefunksjonar
Grenseverdiar

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Fredag

09.08

09:00-12:00

Derivasjon
Derivasjonsreglar
Bruksområde for derivasjon

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Om rekneøvingane: Det vil vere reknegrupper (med hjelpelærarar) i samband med kurset. Her kan du teste kunnskapane dine på eit variert utval oppgåver. Rekneøvingane vil finne stad lunsjrommet til Matematisk institutt, 4.etg i Realfagsbygget.

Kursmateriale (blir delt ut): Kompendium(PdF fil)

Det du må ha med er noko å skrive med og noko å skrive på. Linjal og passar kan vere greitt å ha. Kalkulator er ikkje naudsynt.

Oppfrisking av R1+R2 - (forkurs for MAT111)

Stad: Auditorium A, Allégaten 66

Dag

Dato

Undervisingstid

Tema (tentativt)

Måndag

05.08

 09:00 - 12:00

Grunnleggjande emne; kapittel 1 i Kompendium

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Tysdag

06.08

  

 09:00 - 12:00

Funksjonar; kapittel 2

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Onsdag

07.08

09:00-12:00

Meir om fuksjonar; kapittel 3-4

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Torsdag

08.08

09:00-12:00

Derivasjon; kapittel 5-6
 

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Fredag

09.08

09:00-12:00

Integrasjon; kapittel 7

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Om rekneøvingane: Det vil vere reknegrupper (med hjelpelærarar) i samband med kurset. Her kan du teste kunnskapane dine på eit variert utval oppgåver. Rekneøvingane vil finne stad i i kantina i Realfagsbygget, 2. etasje.

Kursmateriale (blir delt ut på oppfriskingskursa) Kompendium(PdF fil)NB: MAT111-læreboka vil også vere nyttig under oppfriskingskurset!

Det du må ha med er noko å skrive med og noko å skrive på. Linjal og passar kan vere greitt å ha. Kalkulator er ikkje naudsynt.