Forskning på basale biologiske prosessar i marine organismar
Vi bruker CRISPR/Cas9, imaging, enkel-celle genomikk og modellering for å studere multipotente hjarterelaterte stamceller og cellulær adferd i sekkdyret Ciona.
Vi utvikla eit nytt modellsystem med Oikopleura, slik at vi kan forske på korleis enkle dyr har utvikla seg frå meir komplekse forfedre.
Vi studerer balansen mellom næringsinntak, vekst og reproduksjon i sjøanemona Nematostella vectensis for å forstå opphavet til denne balansen under evolusjonen.
Vår gruppe studerer evolusjonen av og funksjonen til nervesystemet i urochordatar, der vi brukar moderne nevrobiologiske og genetiske verktøy.
Vi finn ut av evolusjonshistorien til synaptiske signalvegar for å betre forstå opphavet til dei første synapsane og nevrona.
Gruppa vår studerer den biofysiske funksjonen til og evolusjonen av nevrotransmitterreseptorar ved bruk av molekylær fylogenetikk, kjemisk biologi og elektrofysiologi.