Hjem
Aktuelt
Nyhet

Japanske kirsebærtre avslører klimaendringar

Gamle dokument frå tilbake til 800-talet, syner store endringar i når kirsebærtrea i Kyoto blomstrar. - Ingen naturleg klimavariasjon, seier UiB-forskar.

Kirsebærtre
KIRSEBÆRTRE: Trea langs Lille Lungegårsvann i Bergen blei planta rett etter andre verdskrig, og var ei vennskapsgåve frå Japan.
Foto/ill.:
Britt Kristin Ese

Hovedinnhold

Det sikraste vårteiknet i Bergen, er å sjå dei japanske kirsebærtrea ved Lille Lungegårdsvann blomstre. I nokre korte veker, svermar bergensarane entusiastisk rundt under dei vakre, rosa blomstrane.

I Japan er begeistringa, om mogleg, enda større. Her har ein sidan 700-talet hatt tradisjon for å markere den fyrste blomstringsdagen med hanami, ei feiring som skal minne ein om å vere til stades i det forgjengelege livet.

På grunn av denne feiringa, finst det kjelder frå 800-talet og fram til i dag som dokumenterer dagen kirsebærtrea blomstrar for fullt i Kyoto, Japan. Kjeldene røper ei endring det ikkje er så stor grunn til å feire: Trea har blomstra stadig tidlegare dei siste 150-200 åra.

- Dette er eit sterkt og trist bevis for dei menneskeskapte klimaendringene, seier førsteamanuensis ved Institutt for geovitenskap ved UiB, Kikki Kleiven.

  • Sjå illustrasjonen nede i saka

Registreringar tilbake til 800-talet

Det er den japanske forskaren Yasuyuki Aono, professor i miljøvitenskap ved Osaka Prefecture Universitet, som har samla og analysert dataene frå Kyoto, Japan.

Registreringane keisarar, aristokratar, guvernørar og munkar har gjort i over 1000 år, syner at frå omkring år 800 - 1800-talet heldt datoen for blomstringa seg ganske stabil innan april månad, med naturlege svingingar under mellom anna middelalderens varmeperiode (1000-1400) og den vesle istida (1400-1600).

Men, frå 1850 fram til i dag, har blomstringa ifølgje Aono bevegd seg mot tidlegare datoar, med ei hastigheit på nesten ei veke per århundre. Samtidig, har temperaturen i Kyoto stige.

Ulike faktorar påverkar blomstringa, men varme er den viktigaste, seier førsteamanuensis i botanikk ved UiB, Heidi Lie Andersen.

- Blomstringa på kirsebærtre blir heilt klart påverka mest av temperatur, og ein høgare vårtemperatur vil gjere at blomstringa skjer før.  Det gjer også at ein kan føresjå når blomstringa vil skje, fordi ein veit når temperaturen vil gå opp.

- I dei åra ein har ein tidleg vår, er faren for kirsebærtrea at dei spring i full flor, og så kjem det plutseleg ei kuldebølge. Då blir blomstringsperioden kort, og det er veldig lite gunstig for den vidare utviklinga av plantane. Veldig mange av plantane rundt oss vil reagere slik, for eksempel rhododendron, seier Andersen.

Jo varmare, jo tidlegare blomstring

Ved å analysere rekonstruksjonar av temperatur tilbake til 800-talet, og observasjonar av temperatur frå 1880-talet, har dei japanske forskarane synt korleis datoen for full blomstring i Kyoto svingar saman med temperaturforholda i februar og mars.

I følgje Aono har den estimerte temperaturen stige 3,4 grader celcius i Kyoto sidan 1826. Han meiner 1,6 grader skuldast urban varme (når eit urbant område er varmare enn områda rundt på grunn av menneskeleg aktivitet), og at 1,8 grader kjem av klimaoppvarming.

Temperaturen har som kjent ikkje berre stige lokalt i Kyoto. Globalt har gjennomsnittstemperaturen auka relativt jamnt siden begynnelsen av 1800-talet. 50 % av auken har skjedd etter 1980, og dette ser ein tydeleg att i det japanske datasettet, seier Kleiven.

- Kor sikre kan me vere på at dette skuldast klimaendringar?

- Klimaet har jo alltid variert på jorda, lenge før det fantest menneske. Det er mange faktorar som påverkar klima: endringar i vind og havstraumar i eit El Niño år, vulkanutbrot, solflekkar, jorda si bane rundt sola, jorda sin hellingsvinkel, kontinent som flyttar på seg, for å nemne nokre. Men det me observerer dei siste 200 åra er ingen naturleg klimavariasjon, men ei klimaendring som skuldast menneskeleg aktivitet.

- Klimaforskarar har veldig god kontroll på kva som skjer i klimasystemet og solinnstrålinga har ikkje auka dei siste førti åra. Det er ingen spesiell vinkel på jorda slik at den tek imot meir solvarme, det er heller ingen store vulkanar som pumpar drivhusgass opp i lufta. Det er ingen anna forklaring på dagens globale oppvarming enn menneskeleg aktivitet, seier Kleiven.

Stor symbolverdi: Om å gripe dagen

Kvart år under hanami går tusenvis av menneske ut i parkar og hagar for å samlast under dei blømande trea. Turistar har forlengst oppdaga vårfesten, og godt hjulpne av eit eige blomstringsvarsel, strøymer dei i hopetal til Japan for å delta i feiringa. Både skjønnheita og den store symbolverdien som ligg i blomstringa, fascinerer folk, seier botanikar Heidi Lie Andersen.

- Desse trea er så unike fordi dei har denne voldsomme blomstringa tidleg på året, det er så vakkert og så mykje. Blomstrane kjem raskt, me beundrar dei, og så forsvinn dei brått.

- Japanarane tenker på skyer når dei ser blomstrane. På avstand ser dei store kirsebærtrea ut som vakre låge skyer, og som skyene er blomstrane noko som kjem raskt og voldsomt, men plutseleg er borte. Det handlar mykje om å gripe dagen, før det er for seint, seier Andersen.

Klimaforskar Kikki Kleiven meiner data og illustrasjonar som dei frå Kyoto, Japan, syner korleis ein kan vere augevitne til dei globale klimaendringene gjennom generasjoner, kanskje utan å reflektere over det.

- Det får meg til å tenke på kva som er ”mine kirsebærtre”? Det vil seie: Kva er det som skjer rundt meg i naturen som blir påverka av klimaendringane, og som går så sakte at eg kanskje ikkje oppdagar det frå år til år, eller sjølv etter fleire tiår.