Hjem
Aktuelt
Musikk i krisetider

Derfor syng vi under Korona-krisen

I Wuhan song innesperra menneske patriotiske songar fra vindauga, frå balkongane i Barcelona og Milano har folk sunge for kvarandre. I Noreg har folk flokka til Facebook-konsertar og deler videoar av kor som syng saman over nett. Kvifor blir nettopp musikk så sentralt i krisetider?

BLAK-kor
Bilde fra musikalsk hilsen fra Universitetet i Bergen ved Studentkoret Blandede Akademikere - BLAK #uibhjemme
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Professor ved Griegakademiet, Brynjulf Stige, er ikkje overraska over at vi tyr til musikk når verda knakar i samanføyningane. 

– Det har vore gripande å sjå korleis musikkens rolle har vist seg så sterk under korona-krisa. Som musikkterapeuter har vi mykje erfaring med at musikken både kan røske i oss og trøyste oss, men no har det blitt så veldig tydeleg for alle, at musikk og andre kulturformer samlar oss når mykje anna er tatt frå oss, seier Stige som peiker på at musikkterapiens framste oppgåve er ikkje berre å hjelpe enkeltindividet å meistre sine problem. Det samfunnsmessige er like viktig, og dette er særleg relevant i krisetider. 

Å kjenne samholdet på kroppen

Musikkterapimiljøet i Bergen spring ut av samfunns- og menneskerettstenking, det som på engelsk kallast Community Music Therapy. Dette er ei grein musikkterapi som særleg interesserer seg for forhold mellom individ og samfunn.

- Det er dette som skjer no, at eit samfunn i krise både brukar og etterspør musikk, og ikkje minst deler musikalske opplevingar, trass i at vi er fysisk isolert frå kvarandre.  Det gjev håp for framtida å sjå fellesskapet rundt musikken, seier Stige som applauderer Facebook-initiativet «Brakkesyke» og den lokale «Verftet online Music Festival».

Er det følelsen av fellesskap meir enn sjølve musikkopplevinga som gjer at folk graviterer mot konsertar og kor på Facebook, trur du? 

- Eg trur det heng saman. Musikken må vere god for å gjere oss godt. Og kva som er god musikk, kjem an på kven vi er, kor vi er, kva vi gjer, og med kven. Estetikken er i seg sjølv relasjonell. Musikk kan seinke blodtrykket og dempe angst, men å bli beroliga handlar like mykje om samhold med andre menneske, og gjennom musikken kjenner vi dette samholdet kroppsleg, seier professoren som også er leiar for Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi. 

Mitt lille land

Han trekker fram at etter 22.juli-åtaket har vi røynsle med musikkens betydning for eit samfunn i unntakstilstand. 

- Terapeutar og forskararar har tatt med seg erfaringar frå 22.juli. Den gongen hadde musikk sterk symbolsk funksjon og til dømes låta «Mitt lille land» med Ole Paus vart særs samlande. Vi er ikkje heilt der vi var etter 22.juli, situasjonen er veldig annleis, så det er for tidleg å seie kva musikk som vil få ein samlande funksjon no. 

Mange har delt Ellinors vise, sunge av Teaterhøgskulens kor. Er det låtar med tekst som kan halde moralen oppe som dominerer i krisetider?

- Korleis vi brukar slike songar som «Mitt lille land» og «Ellinors vise» i krisetider er veldig interessant. Det er songar med tekst og melodi som samlar oss, men normalt med god plass også for ting som skil oss. «Mitt lille land» sprang opphaveleg ut av EU-striden, «Ellinors vise» av arbeidskonflikt og klassekamp. Begge desse visene har i krisetider blitt tatt i bruk på nye måtar, der dei i større grad samlar oss om det som bind oss saman: Ein fellesskap som vi ønskjer å ta vare på, ein draum om ei betre framtid. Det er i slike tider at det er mest på sin plass å snakke om musikk som samfunnslim.

Er det andre fellestrekk i musikken vi lyttar til saman, eller syng frå balkongane til kvarandre under Korona-krisa? 

- Ja, nokre fellestrekk er det nok. Skal vi nå ut, frå balkong til balkong, må det vere driv og trykk, gjerne også patos eller humor.  Men om vi ønsker noko beroligande, så set vi ikkje i gang med kjempehøgt volum, men velger noko dempa, med rolig puls, med forutsigbar melodi. Det er mykje i den kategorien folk søker mot no. Og det er nesten biologisk bestemt kva som roer menneske ned. Men i tillegg kjem sjølvsagt dette med at musikk er identitet, eins eigen personlege historie. Nokon elskar Mozart, andre hatar Mozart. Og eg trur ikkje vi blir noko mindre forskjellige i ei krisetid. Men likevel kan vi einast om noko.

Korleis sitte på stolen

Stige referer til musikksosiolog Tia DeNora, som er professor II ved Griegakademiet. I boka «Music in Everyday Life» argumenterer DeNora for at vi kan anerkjenne at nokre typar musikk tilbyr visse bruksmåtar, utan å tvinge alle til å høyre på det same, på same måten.

- DeNora samanliknar bruken av musikk med bruken av ein stol. Det kjem an på vår eigen bruk korleis vi vil sitte på stolen. Men det er ikkje til å komme frå at det er ein gjenstand som er laga slik at den tilbyr sitting, stolen, i dette tilfellet musikken, er tilpassa både biologien vår og den kulturen vi lever i. Du kan likevel også bruke han til heilt andre ting, til å sloss med eller leike med. Så slik musikk med rolig puls og forutsigbar tonalitet tilbyr avslapning, kan han også brukast på andre måtar.

Så kva er det som gjer at akkurat musikk er ein så god reiskap for helse og terapi?

- Det som er felles for alle menneske, er at musikk vi likar kan gje kraft og energi. Vi bruker musikk for å bli gladare, eller for å anerkjenne eigen tristhet. Uansett er det musikalsk eigenomsorg. Det er viktig for veldig mange mennesker i kvardagen og blir ikkje minst viktig no. Så skal vi heller ikkje gløyme at musikk er veldig mektig, og kan brukast og misbrukast., Anders Behring Breivik lytta også til musikk. Likevel er musikk i overveiende stor grad knytta til gode relasjoner og gode opplevingar

Storskjerm på sjukeheimen

Korleis utøver musikkterapeutane yrket sitt i Korona-tida?

- Musikkterapi handlar i stor grad om levande musikk, om møte mellom menneske. Mykje av dette er vanskeleg å omsetje til ein digital kvardag. Det er fascinerande å sjå kreativiteten som blir vist no. Musikkterapeutane held kontakt med brukarane gjennom nett. Nokre musikkterapeutar har etablert lukka Facebook-grupper for brukarane, der dei kan gå inn og dele musikk og chatte saman. Andre musikkterapeuter lager spillelister for å holde kontakt med pasienten.

Stige fortel at han blei særleg rørt over ein musikkterapeut som pla å ha sangstund med pasientane på ein sjukeheim. No har ho spelt inn songar på youtube, som blir spelt på storskjerm på sjukeheimen der pasientane ser på og syng saman.

- Det blir eit fellesskap, berre på nye måter. Eg trur alt dette kan gje varige endringer for faget, og bli eit supplement til dei metodane vi allerede har. Nye unntakstilstander vil komme, det kan vere frå  terror eller krakk. Vi kjem til å kunne bli lukka inne i heimane våre på ulike tidspunkt også i framtida. Dessutan er det alltid somme av oss som er isolerte i kvardagen, t.d. grunna sjukdom.

Det er no du skal ta opp gitaren

Stige oppmodar oss også no når vi er isolerte i våre heimar, til å engasjere oss i samfunnet. Å vere ein god borgar handlar ikkje berre om å ta vare på oss sjølve, men om korleis vi kan delta i den omsorga eit samfunn tilbyr, meiner han.

- Husk på å ta ein telefon, det ligger helse hos den som får telefon, men like mykje hos den som ringer. Det er mykje forskning som viser at kommunikasjon og samhold gjev helse.

Kva andre råd har du å komme med til folk som held på å gå på veggene av manglande kontakt?

- No er tida til å ta opp gitaren, leite fram digitale konsertar og ta seg ein dans, og veldig gjerne dele musikk med andre.Korleis brukar du sjølv musikk i denne rare tida?

- I går måtte eg ha litt musikalsk eigenomsorg. Så eg kjøpte meg nye bluetooth høyretelefoner. Då begynte eg med å lytte til Emilie Nikolas. Ho har veldig fin klang i stemma. Eg høyrte henne på TV nyleg og vart begeistra. Det er noko med hennar jazz-orienterte vokal som gjer det lettare for meg å opne meg for elektronika, som eg elles ikkje høyrer så mykje på. Eg kan ikkje høyre Bob Dylan heile tida, veit du, eg må høyre litt nytt også… Og så skriv eg nokre songar gjennom eit år, og det vert det meir av i slike tider. Eg får behov for noko som er nærare det kroppslege og emosjonelle.

Då oppfordrar eg deg til å legge songane ut på Youtube!

- Hehe. Eg er nok ikkje den raskaste til å gjere akkurat det… Men, eg har jo argumentert for at det er viktig å dele musikk, så eg får leite etter måtar å gjere det på.

Søknadsfrist for Femårig integrert master i musikkterapi er 15. april. Les mer om studiet her.