Hjem
Aktuelt
Debatt

Sjå debatten her: Kven skal få ta høgare utdanning?

Nye opptaksregler er på trappene. Det er på høg tid at opptaksreglane blir reviderte, meiner nokon. Men korleis sikre at dei rette kjem inn på rett studium? Her kan du sjå opptak av debatten som var på Kulturhuset i Bergen tysdag 20. september.

Debatt: Kven skal få ta høgare utdanning?

Produsent:
Kulturoperatørene

Hovedinnhold

– Vi vil bidra til å skape rom for å diskutere forsknings- og utdanningspolitiske spørsmål, seier rektor ved Universitetet i Bergen (UiB) Margareth Hagen.

Saman med Universitetsavisa Khrono inviterte UiB til debatt om opptak til høgare utdanning i Bergen.

Ventar på nytt opptaksreglement

Kunnskapsdepartementet sette i fjor ned et utval leia av Marianne Aasen, tidligere stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Siktemålet var å sjå på opptaksreglane til høgare utdanning. Utvalet er venta å legge fram rapporten 1. desember.

Marianne Aasen stilte til debatt i ein fullsett sal på Kulturhuset. Det gjorde også Petter Aasen, rektor ved Universitetet i Sørøst-Norge, Liza Reisel, forsker ved Institutt for samfunnsforskning, Maika Godal Dam, leder i Norsk studentorganisasjon og Siri-Kristin Jensen, som er daglig leder for Akademiet Privatist og nettstudier.

Debatten var leia av Tove Lie, redaktør i Khrono.

– Vi vil å skape debatt, det er ei av hovudoppgavene til avisa, seier Lie.