Hjem
Senter for digitale fortellinger
CDN

Prosjekt: Extending Digital Narrative (XDN)

Eit prosjekt ved Senter for digitale forteljingar som vil analyse framveksande rørsler i elektronisk litteratur.

A mountain landscape with astronauts surrounding an alien structure
Foto/ill.:
Adobe Firefly, generative model

Hovedinnhold

Historieforteljing er ein viktig måte å forme og overføre kultur på, og mange hevdar det er blant dei grunnleggjande byggesteinane for menneskeleg oppfatning. Forteljinga har blitt studert mest i djupn og detalj i litterære studier, med fokus på bøker og romanar. Sjølv om den trykte litteraturen er viktig for kulturen vår har litteraturvitskapen byrja å utvidast og omfatte nye digitale former som har sterk påverknad.

Prosjektet Extending Digital Narrative (XDN) tek sikte på å utvide forskingsfronten innan elektronisk litteraturvitskap ved å analysere tre nye former av digitale forteljingar: det oppslukande, det samtalande og det generative. Prosjektet utforskar den transformative slagkrafta som fritt tilgjengeleg datakraft og internett har på historieforteljingspraksisen vår. XDN vil ta ei eksperimentell tilnærming til humanistisk forsking ved å sjå på nye former for digitale forteljingar som framleis er under utvikling.

Kjerna i XDN er å dokumentere, kartleggje og analysere desse nye sjangrane innan digitale forteljingar med utgangspunkt i identifikasjon, cyborgforfattarskap, og kanskje viktigast, kulturell påverknad. Vi er framleis tidleg i forståinga av både korleis desse teknologiane blir brukt til å lage nye former for historieforteljing, og korleis dei påverkar samfunnet som heilskap. Men det er allereie spennande eksempel på digitale verk som utnytter det narrative potensialet i den nye teknologien.

Det oppslukande, det samtalande og det generative

Prosjektet får bidrag frå leiande internasjonale ekspertar på digitale narrativ, forfattarar, utviklarar og forskarar tidleg i karriera. Det utforskar og analyserar tre typar digitale forteljingar:

  • Oppslukende: Forteljingar i virtuell virkeligheit (VR) og utvida virkelegheit (AR) som plasserar betraktaren i visuelt altomfattande synsfelt.
  • Samtale: Tekstverk med samtalemodellar for interaktivitet, som interaktiv fiksjon, som språkkunstnarar byggjer på for å lage kunst som engasjerar forteljingar på nye teknologiske plattformar.
  • Generativ: Maskingenererte eller AI/nevralnettgenererte forteljingar som produserast algoritmisk, og i ulik grad blandar menneskeleg forfattarar med databasert tekstgenerering.

Prosjektet framhever behovet for å analysere desse nye sjangrane frå eit litteraturstudieperspektiv, og vil sjå på interaktive forteljingsstrukturar, publikumspåverknad, større kulturelle implikasjonar, og korleis moglegheitene blir brukt av språkkunstnarar. Formene fell utanfor konvensjonell forståing av litterære sjangrar, og er underrepresenterte i litteraturvitskapen.

XDN-prosjektet, som skal gå i fem år, ynskjer å tette dette kunnskapsholet.

Forskingsspørsmål

 

  1. Kva er forholdet mellom sensorisk fordjupning av AR- og VR-narrativ og narrativ fordjupning, og mogleggjer desse teknologiane nye former for affekt?
  2. Korleis vil auralitetsteknologiar endre oppfattinga av interaktiv historieforteljing?
  3. Korleis vil narrativ generert av maskinlæring og AI-system komplisere teoriar og forståing av forfattarskap?