Driv kommenterer NOU 2025:5 Kvinners arbeidshelse. Kunnskap og tiltak
Tysdag 1 april 2025 vart NOU 2025:5 Kvinners arbeidshelse lagt fram og overlevert arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna. Forskarar i KLAR-prosjektet følgde framlegginga saman og har med stor interesse lese rapporten.
Hovedinnhold
Ekspertutvalet fekk eit klårt mandat om å lage eit kunnskapsgrunnlag om kvinners arbeidshelse samt foreslå tiltak på samfunnsnivå i høve betring av arbeidshelse og redusering av fråfall og fråvær frå arbeid. Utvalet valde å definere kvinnearbeidshelse som helsetilhøve knytt direkte til utøving av arbeid og/eller til arbeidsmiljø. KLAR finn at denne smale definisjonen er forståeleg i lys av mandatet men samstundes at ei heilskapleg forståing av helse – som knytt til livet, roller og arbeidsdeling – då kan forsvinne ut av syne.
Ekspertutvalet skriv fram ei solid oversikt over, og forståing av, det kjønnsdelte arbeidslivet i Noreg som har betydning for å forstå kvinners arbeid og arbeidshelse. Om lag 77% av kvinner er sysselsette, 70% jobbar i offentleg sektor og mange jobbar deltid og i turnus. Dette betyr at kvinner og menn ofte har ofte ulikt type arbeid, arbeidsvilkår og arbeidsmiljø. Kvinner har ofte ‘mellommenneskeleg’ arbeid, dvs arbeid kor belastningar kan være emosjonelle, psykososiale eller fysiske. Ekspertutvalet knytt denne ‘arbeids-realiteten’ for kvinner i Noreg til sine drøftingar kring sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Likevel ser KLAR at utvalet nyttar utsegn som «kvinners høye sykefravær» (s. 118), og implisitt legg til grunn den mannlege arbeidstakar som ideal for ‘riktig’ eller høveleg sjukefråvær. KLAR meiner at forståing av dette fenomenet må stakast ut på nytt. Heller enn å samanlikne menn og kvinner for å forstå sjukefråvær kan ein legge til grunn ei forståing av kvinners helse i eit livs og kjønnsperspektiv, og samanlikne sjukefråvær ved ulike typar av kvinners arbeid.
Nyare offisielle dokument som angår kvinnehelse og arbeid, som NOU 2023:5 Den store forskjellen, Regjeringas kvinnehelsestrategi, 2024, og Regjeringa sin likestillingsstrategi 2025-2030, vektar viktigheita av å forstå kjønn som samspel mellom biologiske og sosiale faktorar. Med andre ord løftar alle desse dokumenta fram eit kjønnsperspektiv kor biologiske og sosiale konstruksjonar av kjønn er viktige dimensjonar i utvikling av ny kunnskap og samfunnsforståing. Ekspertutvalet om kvinners arbeidshelse legg til grunn ei forståing av kjønn som biologisk kjønn, dvs ein deskriptiv kategori for å vise til forskjellar mellom kvinner og menn. KLAR meiner at ei utvida forståing av kjønn, og kva det betyr å bruke eit kjønnsperspektiv, ville ha styrka heilskapen i rapporten, og posisjonert NOU’en i eit samtidslandskap der kjønns- og mangfaldsperspektiv er truga.
Ekspertutvalet foreslår 47 konkrete tiltak som skal bidra til betre arbeidshelse for kvinner og redusere fråvær og fråfall frå arbeidslivet (s. 195). Tiltaka skal ikkje bidra til auka ressursbruk hjå myndigheitene men vil kunne medføre auka kostnader for verksemder. Desse tiltaka er skilt inn i sju innsatsområde kor tre er retta mot verksemder (arbeidsplassar), tre mot nasjonale strukturar (arbeidsliv, partsamarbeid og nasjonale rettleiarar), og eit mot forsking, data og dokumentasjon.
Dei 47 tiltaka er gode og konkrete og handlar om alt frå sjukefråværsoppfølging, arbeidstidsordningar, leiing og forskingssatsing.
KLAR ønsker særskilt å trekke fram nokre tiltak.
- Tiltak 6: Arbeidstidsordninger som fremmer helse og heltid
- Tiltak 16: Nasjonal arbeidsmiljøstrategi, med kvinners arbeidshelse som et av satsingsområdene. I dette tiltaket ligg det forslag om å lage ein nasjonal arbeidsmiljøstrategi som våre naboland allereie har utvikla og som inkluderer kvinners arbeidshelse.
- Tiltak 31: Tilrettelegge for kvinners livsfaser i virksomhetene.
- Tiltak 35: Nasjonalt veiledningsmateriell om overgangsalder på arbeidsplassen. KLAR undersøker om dei internasjonale retningslinjene for overgangsalder på arbeidsplassen (EMAS) er relevante og nyttige i norsk arbeidsliv.
- Tiltak 36: Nasjonal oppmerksomhet om tiltak som kan bidra til at flere kvinner står lenger i jobb.
- Tiltak 40: Etablere en samlet og koordinert forskningssatsing på forhold av betydning for kvinners arbeidshelse og helserelatert tilknytning til arbeidslivet.
- Tiltak 42: Utvikle forskningsbasert kunnskap om hvordan livsfaser påvirker kvinners arbeidshelse


