Hjem
Italiensk
Yrkesvegar

Med italiensk blant turistane i Bergen

I Bergen Reiselivslag varierer arbeidsoppgåvene med sesongane. Oddbjørn Wendelbo jobbar med booking, billettsystem og informasjonsarbeid. Italiensk er eit språk som kjem godt til nytte i møtet med italienske turistar, i korrespondanse og i omsetjingsarbeid. Framandspråkleg kunnskap er viktig i bransjen.

Foto/ill.:
www.colourbox.com

Hovedinnhold

Kva grad har du?

Mastergrad i Italiensk.

Korleis var det å studere italiensk?

Svært bra, sjølv om studiemiljøet var minimalt. Me var vel fire personar på masternivå det året eg fullførte. Det sosiale ved miljøet var difor litt sparsamt, men kontakten med rettleiarar og professorar/fagpersonar var svært bra (ein kan seie talet minutt per student var skyhøgt). Italienskfaget ved UiB er i seg sjølv veldig interessant. Det er lagt opp til eit nokså høgt fagleg nivå og krev sjølvsagt ein del arbeid, så slik sett er det nok greitt at fagmiljøet ikkje er større enn at ein kan gå rundt og banka på dørene til ymse fagpersonar og masa utan å stå i kø.

Kva for andre fag har du tatt?

Eg byrja utdanninga mi med russisk (eg har gjort unna 200-nivå). Eg var meint å ta italiensk som frie studiepoeng, men enda opp med å satse på det i staden for, av praktiske årsaker.

Kva skreiv du om i masteroppgåva?

Sidan eg hadde interesse korkje for ei rein litteraturoppgåve eller ei rein lingvistikkoppgåve, fekk eg gjort oppgåva mi til ei omsetjingsoppgåve, som fagleg ligg ein stad mellom dei to nemnte oppgåvetypane (eit resultat av det samarbeidsviljuge fagmiljøet). Opplegget var dermed spesialtilpassa, om ein kan seie det slik.

Eg omsette ein del eldre tekstar (av Niccolò Machiavelli) til nynorsk, og såg deretter på to hovudsyn innanfor omsetjingsteorien i nyare tid for å sjå skilnader og kva ein legg vekt på i omsetjingsprosessen, samt andre faktorar. Det var eit veldig interessant arbeid (sjølv om eg no knapt kan lesa omsett litteratur utan å tenkje på korleis omsetjaren har jobba!).

Kva jobbar du med no, og korleis var vegen dit?

Det siste halvanna året har eg jobba med turisme. Eg jobbar i Bergen Reiselivslag (ved Turistinformasjonen). Eg byrja der eigentleg rett etter eg var ferdig utdanna (om ein ser bort frå sommarferien, då eg jobba på Turistinformasjonen heime i Lærdal). Vegen dit var ukomplisert: Eg hadde jobba fleire somrar ved Turistinformasjonen i Lærdal, som er ein veldig kjekk sommarjobb. Mot slutten av sommaren tipsa min dåverande sjef meg om at dei hadde ei ledig stilling i Bergen, så eg søkte før dei hadde lyst ut stillinga og fekk jobben eigentleg ganske kjapt. Vegen dit var eigentleg ganske typisk, det var ”inside information”.

Kva slags arbeidsoppgåver har du, og korleis er din arbeidsdag?

Arbeidsoppgåvene varierar etter sesongen. I hovudsesongen jobbar eg ein del med turistane ansikt til ansikt i skranken, men i hovudsak med oppgåver eg har som fast tilsett. Dei oppgåvene stillinga mi inneber har mykje å gjera med ymse billettsystem og –maskiner, publisering av arrangement (i samarbeid med BT puls), brosjyrar og infomateriell, administrasjon av bookingsystem, fakturahandtering, opplæring av sesongtilsette, samt andre oppgåver som oppstår etter behov.

Utanfor hovudsesongen jobbar eg mykje med turistane direkte i skranken sidan det i utgangspunktet ikkje er andre enn dei fast tilsette som jobbar då, noko eg kombinerar med dei faste oppgåvene. I periodar er eg òg på hovudkontoret til reiselivslaget og jobbar med andre oppgåver. Sjølve arbeidsdagen varierar ein del etter kva vakt eg har og kven andre av dei fast tilsette som er på jobb.

Korleis er studiet i italiensk relevant for jobben din?

Dei faste oppgåvene har i liten grad direkte tilknyting til utdanninga mi, men eg må ofte ta meg av italienske reisande, sidan dei ofte ikkje er så sterke i engelsk (og det er svært få andre som har italienskkompetanse), og korrespondanse på italiensk. Eg har òg fått oppgåver med omsetjing av infomateriell til italiensk. Framandspråkkunnskap er generelt viktig for jobben, men italiensk spesifikt er ikkje nødvendigvis veldig viktig.

Har du nokon erfaringar eller råd du ønskjer å gi til ein som er interessert i å studere det same som deg?

Studer hardt – språkfag er gjevande, men er ikkje kjend for å vera eit vanskeleg og tidkrevjande fag i den grad det burde. Ein kan satsa på eit ”smalt” språk vel så gjerne som eit meir utbreidd språk. Å ha kompetanse innan eit språk få andre har, er ikkje negativt.