Hjem
Religionsvitenskap

Temaomtale RELV239/RELV339

RELV239/RELV339 Vår 2026: Islam, kjønn og autoritet

område i Iran
Foto/ill.:
Fotograf: Marianne Hafnor Bøe

Hovedinnhold

Temaomtale RELV239 – Islamsk religiøs tru og praksisIslam, kjønn og autoritet

 

Semester: vår 2026

Undervisningsform: Samlingsbasert og digital

Undervisningsspråk og pensumlitteratur våren 2026: norsk

Emneansvarlig: Marianne Hafnor Bøe

 

Kjønn og autoritet er sentrale inngangar til å forstå islam. I dette emnet utforskar me korleis islam, kjønn og autoritet blir kopla saman i ulike kulturelle samanhengar, og pregar enkeltmenneskes sjølvforståing og kvardagsliv. Me rettar også merksemd mot diskusjonar, forhandlingar og endringsprosessar som skjer på dette feltet, med døme henta frå ein internasjonal kontekst, så vel som frå Noreg.

Nokre sentrale spørsmål som blir diskuterte er: Korleis blir islam brukt som verktøy til kvinnefrigjering og likestilling, men også til å undertrykkja særleg kvinner og seksuelle minoritetar? Kva slags leiarskapsroller er tilgjengelege for muslimske kvinner, og kva for ulike forståingar finst? Korleis blir forholdet mellom kjønn i islam tolka og lovregulert, og kva problemstillingar blir reist om kropp og seksualitet i religionen? I dette emnet utforskar me slike spørsmål med utgangspunkt i tema som muslimske ekteskapspraksisar, feminisme i islam, kropp og seksualitet, i tillegg til religiøs leiarskap og autoritet. Me granskar sentrale kjelder og ulike tolkingar av desse, og diskuterer aktuell faglitteratur. Gjennom kjønn som analytisk kategori, studerer me forholdet mellom islam og autoritet frå eit religionsvitskapleg utgangspunkt.