Hjem
Frå handskriftsfragment til bokhistorie

Illustrert fragmentdatabase på nett

I 2010 blei databasen “Inventory of medieval manuscript fragments in Norway” sett opp. Fragmentdatabasen var i utgangspunktet tenkt som eit reint forskingsverktøy, men blei i 2011 gjort allment tilgjengeleg, sjølv om han framleis er under arbeid. Gjennom denne kan alle interesserte få eit inntrykk av korleis dei fleste latinske handskriftene som blei brukte i Noreg i mellomalderen, ser ut i dag.

Hovedinnhold

Så langt inneheld fragmentdatabasen berre nær tusen av dei 6500 enkeltfragmenta frå latinske mellomalderbøker som finst i norske, offentlege samlingar. Målet er at databasen skal vekse fram sakte men sikkert fram mot 2017, slik at alle norske fragment kjem med. Fragment blir lagt ut med godkjenning frå dei norske samlingane, men utan å ha nokon offisiell katalogstatus for desse.

Fragmentdatabasen er eit samarbeidsprosjekt mellom Michael Gullick (Stevenage/Universitetet i Bergen), Åslaug Ommundsen (Universitetet i Bergen), Gisela Attinger (Universitetet i Oslo) og Johanne-Berit Revheim (IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen). Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon for fragmentdatabasen, som no er ein del av forskingsprosjektet «Frå handskriftsfragment til bokhistorie» finansiert av Universitetet i Bergen og Bergens forskningsstiftelse.

Fragmentdatabasen finn du her:
https://fragments.app.uib.no