Hjem
Frå handskriftsfragment til bokhistorie

Norske skriftsenter

Den tidlegaste organiserte bokproduksjonen i Noreg ser ut til å ha vore på slutten av 1000-talet. Etter dette auka aktiviteten raskt, men framleis med bidrag og støtte frå personar med bakgrunn ved større europeiske senter. Relativt mange av bøkene landet hadde behov for, blei også framleis importerte utanfrå.

Hovedinnhold

Ein relativt stor del av det norske fragmentmaterialet kan daterast til 11- og 1200-talet, og er eit særs verdifullt kjeldemateriale for bok- og skriftkulturen i Noreg i denne perioden. Nokre individuelle lokale skrivarar er allereie identifiserte, om ikkje ved namn, så ved dei handskrivne produkta dei etterlot seg på gammalnorsk eller latin, eller begge delar.


Noreg hadde relativt få større senter i mellomalderen: det fanst fem bispesete på fastlandet og omkring tretti kloster. Dei relativt små forholda som fanst her i landet, er ein fordel i arbeidet med å kartleggje aktiviteten på bokfronten. Den største aktiviteten fann truleg stad i dei største byane, som Bergen, Trondheim og Oslo. Likevel er det viktig å ikkje gløyme at bøker blei skrivne, kopierte og brukte også på mindre stader.


I fragmentprosjektet ser me nærare på kva fragmenta kan formidle om utviklinga av lokale skriftsenter og korleis dei tok opp og tilpassa internasjonale impulser.