Hjem
Frå handskriftsfragment til bokhistorie

Franske manuskriptfragment i Noreg 1100–1300

Synnøve Midtbø Myking, Ph.D. stipendiat i prosjektet "Frå handskriftsfragment til bokhistorie", granskar kontakten mellom Noreg og Frankrike i perioden 1100-1300.

Fragment av eit fransk mellomalderhandskrift i Noreg
Fragment 47 stammar frå eit fransk handskrift. Det blei brukt til innbinding av norske skattelister.
Foto/ill.:
Åslaug Ommundsen

Hovedinnhold

I ph.d.-prosjektet mitt undersøkjer eg fragment frå mellomalderhandskrifter i norske samlingar som truleg er av fransk opphav, med særskild vekt på perioden 1100–1300. Dette var ein periode med store endringar i kultur og samfunn både i Noreg og i Europa elles. Prosjektet mitt plasserer fragmenta i den historiske konteksten deira, med det føremålet å kasta lys over den fransk-norske kulturelle kontakten i Noreg i mellomalderen og påverknaden denne hadde på utviklinga av den norske bokkulturen.

Dei norske fragmenta og Europa  

Sidan fragmenta i norske samlingar hovudsakleg er frå liturgiske bøker, har dei tradisjonelt vore lite undersøkte av historikarar og filologar. I dei seinare åra har likevel fleire forskarar teke føre seg fragmenta for å undersøkja utviklinga av norsk bokkultur og -produksjon. Impulsar frå ulike europeiske kultursentrum kan finnast i mange fragment frå bøker me trur er av norsk opphav. Andre bøker vart, eller kan ha vorte, laga i utlandet og importerte til Noreg, av misjonærar, religiøse ordenar, eller nordmenn som studerte utanlands.

Det er interessant å sjå på i kva samanheng handskriftene kom til Noreg. I kva grad såg nordmenn til Frankrike med tanke på utdanning og kulturelle impulsar? På kva måtar påverka den intellektuelle og kulturelle utviklinga i Paris og andre byar i høgmellomalderen den gryande bok- og skriftkulturen i Noreg? Kva likskapar og skilnader finst det mellom den norsk-franske utvekslinga og det me veit om kontakten mellom Noreg og England i denne perioden?  

Tilnærming

Når ein skal vurdera opphavet til eit fragment, er det fleire faktorar som spelar inn. Paleografien, det vil seia utforminga av skrifta, er viktig; det same er den generelle utforminga av sida og andre materielle aspekt, til dømes pergamentet som er brukt. Av og til kan ein få hjelp av innhaldet, til dømes når det gjeld eit fragment som inneheld liturgi for ein festdag tileigna ein helgen som var populær i eit særskilt land eller region (og kanskje berre der). Ved å samanlikna fragmenta som «ser franske ut» med kodeksar me veit vart laga i Frankrike, kan ein styrkja eller svekkja teoriane om opphavet deira.