Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Forskergruppen arrangerer

Norrønt kodingskurs

Odd Einar Haugen og Robert K. Paulsen arrangerer kodingskurs i digitalisering av norrøne tekster.

Transcriptio ex machina

Hovedinnhold

Norrønt kodingskurs

Forskargruppa i mellomalderfilologi (FIM) inviterer til eit todagars kodingskurs, torsdag 1. og fredag 2. desember 2016, begge dagar kl. 09.15 - 16.00 (max). Kurslokalet er rom 435 i HF-bygget .

Kurset blir arrangert av Odd Einar Haugen og Robert K. Paulsen.

Kurset er gratis og ope for alle interesserte, men for å få fullt utbyte bør deltakarane ha grunnkunnskapar i norrønt språk. Dei bør også ha med seg ein datamaskin som kan koplast opp til det trådlause nettet (WiFi).

Det er ikkje krav om forkunnskapar i XML, men det er ønskeleg at deltakarane har lasta ned ein XML-editor før kurset byrjar, t.d. Oxygen. Denne kan ein bruke gratis i 30 dagar – så be om ein Trial license key og last ned i passe tid før kurset! Nedlasting her: Oxygen

På kurset lærer du å transkribere frå eit norrønt handskrift og å overføre denne transkripsjonen til XML. Men i staden for at du må transkribere i ein XML-editor vil vi vise korleis du kan transkribere i ein heilt vanleg teksteditor. Denne transkripsjonen konverterer vi til valid XML ved hjelp av eit Perl-skript, slik at du ikkje treng bruke meir tid enn høgst nødvendig med ei XML-fil. Perl er eit gratisprogram som allereie installert på Mac OS, og det kan også lastast ned gratis her: Perl

Vi kjem til å bruke nokre av mirakla i Gammalnorsk homiliebok som grunnlag for transkripsjonen. Dette handskriftet er lett å lese, og vi stiller gode handskriftsfotografi til disposisjon.

Etter at teksten er transkribert ønskjer vi å vise korleis han kan annoterast morfologisk, dvs. merkast opp for oppslagsform og grammatisk form. Vi kjem då til å arbeide med ei “sandkasse” i PROIEL-prosjektet, der systemet vil gje oss gode framlegg til oppmerkinga, men der vi sjølve må sjå til at analysen er korrekt.

Om det er tid til det og interesse for det, vil vi også demonstrere og la deltakarane få prøve seg på syntaktisk annotasjon. Dette kan vi gjere i den same sandkassa.

 

Ver venleg å melde deg på til Odd Einar Haugen innan 28. november.

 

Vel møtt!