Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Forskergruppen presenterer

Er det så sikkert at alle er namn?

Eldar Heide diskuterer metoder for identifisering av navn i runeinnskrifter

Hogganviksteinen frå rundt år 400, med dei mogelege namna *kelbaþewar,  naudigastir og erafar
Hogganviksteinen frå rundt år 400, med dei mogelege namna *kelbaþewar, naudigastir og erafar.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Er det så sikkert at alle er namn? Ein merknad om metode og personnamn i urnordiske runeinnskrifter

Eldar Heide


Korleis kan vi avgjera kva ord i det knappe urnordiske korpuset som er namn og kva som ikkje er det? Det ser ut til at kriteria for å avgjera spørsmålet i liten grad blir eksplisitt formulerte og drøfta. Her skal eg gje eit kritisk blikk på måten ein har handtert problemet på. Nye, betre metodar for identifisering av namn kan eg dessverre ikkje tilby, ærendet mitt er å slå til lyd for meir eksplisitte kriterium og at vi bør vera mindre snare til å peike ut namn i det urnordiske korpuset.

 

Eldar Heide er fyrsteamanuensis i norsk på Høgskolen i Bergen / Høgskolen på Vestlandet.

 

Alle er hjertelig velkomne!