Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Forskargruppen presenterer

Eldre norrøne tekstar i normaliseret ortografi: nokre utfordringar

Haraldur Bernharðsson (Islands Universitet) diskuterer utfordringar knyttet til normaliseringen av norrøne tekstar i utgåver.

Kálfalækjarbók
AM 133 fol (midten av 1300-talet) med ein normalisator til hest.
Foto/ill.:
Stofnun Árna Magnússonar

Hovedinnhold

Eldre norrøne tekstar blir ofte (og særleg i Island) utgjevne i normalisert ortografi for å gjere dei lettare tilgjengelege for lesarar som ikkje er vane med mellomalderleg ortografi. Det som ofte blir kalla “klassisk gammalislandsk normalisert ortografi” (isl. samræmd stafsetning forn) har sine røter på 1800-tallet, ikkje minst i Ludvig Wimmer si lesebok frå 1877 og tekstutgåvene i serien Altnordische Saga-Bibliothek 1892-1929, og dei held fram i Íslenzk fornrit frå 1933 og seinare.

Normalisering av ortografi krev inngrep i teksten frå utgjevaren og fleire spørsmål melder seg. Eitt er om valet av norma: Kva for ei norm skal ein bruke? Ei ekstern norm frå ein annan periode? Eller ei intern norm frå handskriftene? Eit anna spørsmål gjeld omfanget av normeringa: Kor langt skal ein gå? Skal normeringa berre omfatte ortografi? Det kan vere vanskeleg å skilje mellom ortografi og språk, og i praksis blir språket ofte normeret — med fare for inkonsekvensar og anakronismar. Nokre av desse utfordringane blir drøfta i foredraget.

Haraldur Bernharðsson er språkforskar og førsteamanuensis i islandske mellomalderstudiar ved Islands universitet i Reykjavik.