Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Forskningstorget

Food in the Middle Ages - Forskningstorget

Bli med på ei kulinarisk reise til mellomalderen!

Scene from the Bayeux tapestry showing a medieval feast.

Hovedinnhold

 

Vi må sjå langt tilbake i tida om vi vil forstå matkulturen i dagens Noreg, for det finst kanskje ikkje noko anna område i vår kultur der så mange element møtest – frå natur, kultur og teknologi. På denne stasjonen skal vi vende blikket knappe tusen år tilbake, til mellomalderen.

Kva åt dei den gongen? Kva slags krydder nytta dei, og kvar fekk dei desse frå? Her kan du bli kjend med ulike kjelder som forskarar ved UiB nyttar når dei rekonstruerer matkulturen frå eldre tider – og bli litt av ein forskar, du òg! Møt typisk norsk og europeisk mat frå mellomalderen, les oppskrifter som vart nedskrivne på pergament i Danmark og Island, lær litt om handelen med fisk, øl og ganske eksotiske ting. Og møt historier om mat frå mellomalderlitteraturen…

Forskarane på forskningsstasjonen er tilknytt Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og Institutt for fremmedspråk.