Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Foredrag

Gudane Ty og Vidar: Solvendepunkt og solulvar på himmelen

I dette føredraget går Eldar Heide på nytt gjennom opplysningane vi har om den norrøne og germanske guden Ty og koplinga til himmelfenomenet bisol.

himmelfenomen av lyskrystallar
Himmelfenomenet bisol i Fargo 2009.
Foto/ill.:
Gopherboy6956 (kjelde: Wikimedia commons)

Hovedinnhold

Den nyaste forskinga er komen fram til at sjølv om namnet Ty tyder på at han hadde samband med sola og himmelrommet, så må dette høyre til ei tid lenge før våre kjelder. Eldar Heide går imot dette og argumenterer for at sambandet var der i Norden fram til yngre jarnalder, i alle fall i Danmark. Ty har eit klårt samband med sola gjennom myten der han sikrar at gudane får bunde Fenrisulven, fordi dette motivet har samanheng med myten om ulvane som jagar sola over himmelen. Ty hindrar at ulven / ulvane sluker sola før Ragnarok.

Heide ser nærare på denne myten i dei norrøne tekstane og det atmosfæriske fenomenet som ein meiner det har oppstått av, nemleg bisol (parhelion). Vidare dreg han inn solfenomenet på Tysnes i Sunnhordland, som er einaste sikre Ty-namn i Noreg; koplinga til Mars som ligg i sambandet týsdagr – Martis dies, sambandet mellom Mars og vårjamdøgn, og stjernebiletnamna Ulfskjǫptr, ‘ulvekjeften’, og Ásar bardagi, ‘åsens slag’. Heide kjem fram til at Tys funksjon er å forsvara sola og årsinndelinga. Som ein del av tolkinga kjem han med eit nytt forslag om korleis guden Vidar har oppstått og kva som er hans funksjon. Det Eldar Heide legg fram i føredraget, styrker Gísli Sigurðssons forslag om at vi bør sjå dei norrøne gudane i samanheng med stjernehimmelen.

 

Start året med å lære meir om gudar og himmelfenomen! Arrangementet er ope og alle er velkomne.