Hjem
Fornminneseksjonen

Hovedinnhold

På jakt etter bustadstrukturar

Lokalitet 11 ligg ved Straumsundet på austsida av Bildøy, relativt skjerma for vêr og vind. Den strekk seg over 875 m2 fordelt på to tilgrensande platå som er orienterte nord-sør langs sundet, i ei høgd på høvesvis 11-12,5 og 13,5-14,5 meter over dagens havnivå. Ved registreringa i 2013 vart det påvist spor etter menneske som levde av fangst og fiske her for om lag 6500-7000 år sidan. På den tida var staden strandbunden, altså optimal med tanke på tilgong til marine ressursar. Folk har opphalde seg her i minst to ulike fasar innan steinalderen, og tjukke jordlag med spor etter menneskeleg aktivitet tyder på at desse opphalda har strekt seg over lengre tid.

Innleiande prøvegraving: Vi har altså hatt ein ganske god idé om kva vi kan vente å finne her, og no i den innleiande fasen av utgravinga har vi lagt vekt på å gjere oss endå betre kjend med jordlaga og korleis det arkeologiske materialet er fordelt horisontalt og vertikalt. Sidan torvlaget som ligg på toppen av funnførande lag og strukturar er så tynt, ønsker vi å ha best muleg oversikt over kva som finst her før vi snart går inn med gravemaskin for å avtorve flatene. Med utgangspunkt i dei topografiske tilhøva på lokaliteten, samt eit velplassert prøvestikk frå registreringa, har vi grave ei meterbrei sjakt som er orientert aust-vest og strekk seg over begge høgdeplatåa og knekken i terrenget som er mellom dei. Vi har òg opna ei kryssande sjakt i retninga nord-sør, langs det øvste platået. Slik håpar vi å kunne få eit rimeleg godt innblikk i situasjonen på dei to flatene og dessutan i den steinete skråninga mellom desse.

Funnmateriale frå ulike periodar: I øvre del av sjakta har vi delvis grave ut det øvste funnførande jordlaget vi kjenner frå registreringa. I tillegg til arkeologiske funn, inneheld dette laget organisk materiale som trekol og brent nøtteskal, som vil kunne gje relativt presise 14C-dateringar. Så langt ser laget ut til å vere intakt med tydeleg avgrensing mot aust og vest, og med størst funntettleik på flata rett over knekken i terrenget aust for platået. Som venta har funnmaterialet så langt i all hovudsak bestått av avslag; det vil seie avfall frå reiskapsproduksjon, i form av små skarpe steinfliser, for det meste i flint, kvarts og kvartsitt. Ein del er brent eller varmepåverka. Vi har òg funne mengder av mikroflekker, det vil seie små skarpe blad brukt som del av skjærereiskaper, og dessutan nokre skraparar brukt ved tilarbeiding av til dømes skinn. Av innslag som direkte vitnar om den sentrale marine ressursutnyttinga, kan nemnast tre små fiskesøkke i kleberstein.

Frå den same flata har vi òg påvist funnmateriale frå ein yngre fase; yngre steinalder eller neolittisk tid, i form av avslag av rhyolitt. Det er eit råstoff med liknande spalteeigenskapar som flint. Nokre av gjenstandsfunna vi har gjort, av små slipte økser, vespestadmeislar i grønstein, kan skrive seg frå denne same yngre fasen. Det same gjeld ein slipt, pilspiss i skifer, og minst ein slipeplate.

Bein og bustadsstrukturar: I overflata av eit mørkare, trekolhaldig lag på det øvre platået fanst ei større mengd fragment av brende og ubrende bein. På den same flata kan vi òg sjå spor etter bustadsstrukturar, meir spesifikt stolpar og del av steinpakningar, truleg hyttegolv i meir eller mindre direkte relasjon til kvarandre. Forhåpentlegvis vert biletet meir tydeleg når vi set i gong med å grave ein større del av flata. Lengre søraust på platået har vi døme på ein knakkeplass; ein om lag halvmeter stor, avrunda jordfast stein rett ved ein konsentrasjon av fleire hundre avslag i ulike råstoff - og ein muleg knakkestein.

På den nedre flata inntil bergknausane, har vi påvist ein tydeleg trekolhaldig struktur, som truleg representerer rest av ein eldstad. Ei framtidig 14C -datering vil gje svar på kva periode denne skriv seg frå, men truleg er den frå lokalitetens yngste fase.

Frostpåverka berggrunn? Ein del større kantete stein rundt og mellom lokalitetsflatene har bydd på noko større tolkingsvanskar. Vår første tanke var at dei kunne stamme frå ei tid då flatene vart rydda for stein, mulegvis allereie då folk oppheldt seg her i steinalderen. Det er som nemnd lite som tyder på omfattande moderne aktivitet  på lokaliteten. I det tynne lause laget av torv på toppen av, og mellom steinane, dukka det opp ein del funn. Dette såg ut til å kunne stemme overeins med at steinane var rydda frå den øvre lokalitetsflata, saman med ein del av jorda som inneheldt restar frå reiskapsproduksjon. I nivåa under støytte vi mellombels på fleire større kantete stein, og til slutt bergknausar. Vi trur at haugane av stein representerer berg som har sprukke opp, og saman med kulturpåverka jordlag blitt pressa oppover av frost år etter år over lang tid. Det verkar altså som om steinane og eventuelle funnførande kulturlag har vorte bevega på av geologiske prosessar, ikkje av menneskeleg aktivitet. Trerøter har seinare forstyrra ytterlegare. Knekken i terrenget mellom dei to platåa kan i alle tilfelle tolkast som ei utkastsone for dei som oppheldt seg på flatene både i eldre og yngre steinalder.

 

Tilbake til startsiden