Fagstrategi tysk
Hovedinnhold
Status hausten 2025
Tyskfaget har fire fast tilsette med førstekompetanse i full stilling, ein DAAD-lektor i full stilling, ein læringsassistent frå DAAD og ein PhD-kandidat tilknytta forskargruppa Europas grenser.
Undervisningsressursar
Undervisningsressursane på tyskfaget fordeler seg slik: To av dei fast tilsette (Torgeir Skorgen og Birger Solheim) underviser i tyskspråkleg litteratur, kultur og historie, ein av dei (Kjetil Berg Henjum) underviser i tysk språk(vitskap) og ei (Åsta Haukås) i tysk fagdidaktikk. DAAD-lektoren (Olaf Mittelstraß) underviser i tysk språk, kultur og historie, DAAD-læringsassistenten (Serhat Ipek) først og fremst i tysk språk og PhD-kandidaten (Amy Partridge) i tyskspråkleg litteratur som ein del av pliktarbeidet.
Prioriteringar ved redusert undervisningstilbod
Ved å gjennomføre dei endringane i tilbodet som er skildra i neste avsnitt, reduserer vi undervisningsomfanget samstundes med at vi utvidar «inntektspotensialet» monaleg. Vidare reduksjonar er det vanskeleg å sjå føre seg om faget framleis skal vere eit fullverdig universitetsfag.
Planar for utvikling av studieporteføljen
- Vidareutdanning Vi har planar om å gjere studiet til eit (hybrid) campus-/online-studium som òg vil kunne passe som eit vidareutdanningstilbod. Dessutan er vi klare til å vidareføre emna frå KfK-prosjektet (Kompetanse for kvalitet) dersom vi får ressursar til det. 2
- Online BA og MA (med campussamlingar) Vi ønskjer så snart som mogleg å tilby ordinære studentar (frå samordna opptak) online (eller hybrid) BA- og MA-grad. BA-førstesemesteret blir som i dag. TYS100 (ikkje obligatorisk men vanleg del av BA i tysk) er klar til å blir digitalisert når ex.phil. og LES100 blir digitale. Då kan alle emna i andre og tredje semester vere online med eit seminar (1 dobbeltime) per veke, ein førebuingsmodul og ein etterarbeidsmodul. Alle studentane får dessutan tilbod om campussamlingar (t.d. to à to dagar per semester). Programstudentar (BA, årsstudium, lektor) deltek dessutan på miljøskapande arrangement i regi av studentane (t.d. pizzakveldar og filmkveldar) eller fagmiljøet (t.d. tysklunsj nokre gongar kvart semester). I sjette semester blir dagens emne erstatta av online-emne, og programstudentar og EVU-studentar blir underviste saman på Zoom. Alle studentane får tilbod om ei todagars oppstartsamling på campus i januar, med sosialt opplegg om kvelden. Alle MA-emna i første og andre semester blir online så snart som mogleg. Det blir òg arrangert to frivillige campussamlingar (t.d. to à to dagar). TYS350 Tysk masteroppgåve (tredje og fjerde semester) blir tilbydd med rettleiing på campus og online.
- Didaktikk i disiplinemna Vi planlegg å integrere didaktikk i disiplinemna. Litteraturemne kan innehalde element som t.d. gir auka refleksjon om bruk av litteratur i framandspråkundervisninga i skulen; språkemne kan innehalde element som tek føre seg læringsstrategiar knytte til t.d. munnleg og skriftleg kommunikasjon, kunnskap om språklege strukturar og ordlæring.
- Ny struktur på 100-nivå Tyskfaget ønskjer å endre samansetjinga av emne på 100-nivå. Vi har no to språkemne der det eine (våremnet TYS105) er meir grunnleggjande enn det andre (haustemnet TYS115 som òg inneheld ein lydlæredel). Målet er å ha to «likestilte» språkemne der det eine fokuserer på «grammatikk», det andre på munnleg språkpraksis med ein lydlærekomponent. Vi har no to litteraturemne, eitt for nyare (TYS108) og eitt for eldre (TYS118) litteratur. Vi ønskjer å ha eitt litteraturemne som har eit «nyare» fokus og kanskje òg opnar for ei tematisk orientering heller enn ei kronologisk. I tillegg har vi no historie- og kulturemnet TYS106 som i praksis mest er eit historieemne. Her ønskjer vi å opprette eit reint historieemne (som òg kan ha innslag av skjønnlitteratur) og dessutan eit emne som konsentrerer seg om (mest) samtidige/moderne kulturuttrykk i det tyskspråklege området (film, musikk, kunst), og her vil det òg vere rom for skjønnlitteratur (t.d. teikneserieromanar/graphic novels). Slik får vi eit 100-nivå som er betre tilpassa den nye lektormodellen enn det som er tilfellet no der dei som har tysk som fag 1, går glipp av 3 språkemnet om hausten (TYS115, med lydlære som er viktig for skulen), og dei som tek tysk som fag 2, tek språkemna i «feil» rekkefølgje. Emna skal generelt bli meir «moderne» og tilpassa at dei fleste studentane våre kjem frå skulen og at mange studentar også skal tilbake til skulen som lærarar .
- Lektorprogrammet Lektorutdanninga er viktig for tyskfaget. Det er stor mangel på tysklærarar i skulen, og vi vil bidra til at fleire dyktige lærarar kjem ut i skulen. Slik kan vi også rekruttere fleire motiverte og dyktige studentar. Ved omlegging til online/hybrid undervisning får studentane høve til å møte erfarne lærarar tidleg i utdanninga, noko vi har opplevd som ein fordel på andre emne. Vi ser difor på denne endringa som positiv for studentane våre, sjølv om vi må vere merksame på utfordringar som kan oppstå med ei slik endring. Undervisninga i tyskdidaktikk og framandspråksdidaktikk vil i all hovudsak føregå på campus.
Prioriteringar for framtidige tilsettingar
Ei ny fast stilling ved tyskfaget bør vere i tysk språk(vitskap), ei rekrutteringsstilling bør vere ei kombinasjonsstilling i tysk språkvitskap og didaktikk.
Om arbeidet med rekruttering, gjennomføring og fråfallsproblematikk
Vi er klar over utfordringane knytte til låg rekruttering, låg gjennomføring på normert tid og høge fråfallstal. Vi jobbar med redesign for å tiltrekke oss studentar, vi prøver å ha tett kontakt med og oppfølging av studentane og arrangere sosiale og trivselsfremjande tiltak for å unngå å miste studentar. Samstundes legg vi stor vekt på det vi håper er det viktigaste i denne samanhengen: God og aktiviserande undervisning.