Hjem
Hav
Nyhet

Forskarar bura torsken inne for å studere effektane av miljøgifter

Han hadde ikkje gjort noko gale, torsken som vart bura inne på sjøbotnen utanfor Bergen. Han skulle tvert imot hjelpe oss til å finne ut korleis miljøgifter påverkar livet i havet.

Då forskarane sette torsk i bur på sjøbotnen ved ei tidlegare søppelfylling, vart fisken tydeleg påverka av miljøgifter. Berre seks veker var nok til å skape endringar i hormonnivå og genar knytte til reproduksjon. Her vert bura henta opp frå sjøen.
Då forskarane sette torsk i bur på sjøbotnen ved ei tidlegare søppelfylling, vart fisken tydeleg påverka av miljøgifter. Berre seks veker var nok til å skape endringar i hormonnivå og genar knytte til reproduksjon. Her vert bura henta opp frå sjøen.
Foto/ill.:
Karina Dale, UiB

Hovedinnhold

For å finne ut korleis torsk vert påverka av miljøgifter i omgjevnadene, bura forskarar frå UiB 100 torsk inne på sjøbotnen ved ei gamal søppelfylling utanfor Bergen.

Fyllinga ved Kollevåg på Askøy tok imot alskens «bergensboss» frå 1930 til 1975, da ho vart lagt ned. På 80-talet vart ho dekt til, men sigevatn fullt av svineri, har likevel funne vegen ut i sjøen.

Undersøkingar har nemleg avdekt ein giftig cocktail på sjøbotnen, med både tungmetallar, bromerte flammehemjarar og sprøytemiddel. Her finn ein også PCB, som er særs giftige og tungt nedbrytbare klorbindingar – og PAH. Sistnemnde – polysykliske aromatiske hydrokarbonar – er like skremmande som namnet er langt. Slike stoff kan både gi kreft og forpurre forplantingsevna.

Endringar i hormonnivå og genar

Korleis reagerte torsken på seks veker under slike tilhøve?

– Det viktigaste funnet var at torsken hadde endringar i hormonnivå og genar knytte til reproduksjon. Det tyder på at forplantingsevna til torsken i området, kan ha vore påverka av miljøgifter frå fyllinga, seier UiB-stipendiat Karina Dale.

Forskarane delte burtorsken i fire grupper. Tre vart plasserte i nærleiken av fyllinga og ei på ein referansestasjon langt unna, der det ikkje var kjende miljøgifter. Undersøkingar av lever og galle viste ei opphoping av miljøgifter i fisken nærast deponiet.

– Samanlikna med fisk frå referansestasjonen, hadde desse torskane fem gongar meir PAH i galleblæra og dobbelt så mykje PCB i levra, seier Dale.

Sårbar for lokal forureining

Til fisk å vere, er kysttorsken ganske heimekjær. Han lever store delar av livet i dei same områda, der han beitar i botnsedimenta.

– Difor er torsken særleg utsett for giftstoff frå lokal forureining, som lett kan samle seg i lever og galle. For oss forskarar, betyr det at han kan fortelje oss mykje om korleis miljøgifter påverkar organismar og økosystem i fjordane og langs kysten, seier postdoktor Marta Eide, som også var med på prosjektet.

Ho fortel at fisken som var brukt , kom frå oppdrett. Då var forskarane sikre på at han ikkje allereie var utsett for miljøgifter. Fisken var ikkje kjønnsmogen, slik unngjekk ein at analysane vart påverka av reproduksjonssyklusar og kjønnshormon.

Der andre som er kasta i kasjotten i alle fall får brød og vatn, måtte burtorsken klare seg sjølv.

– Det var eit viktig poeng med forskinga. Vi ville sjå kva som skjedde med fisk som måtte ete det han fann i botnsedimenta rundt fyllinga. Normalt ville fisken ha vandra meir og kanskje fått i seg mindre miljøgift, men vi må hugse at forsøkstorsken berre vart eksponert for stoffa i seks veker. Organismar som lever i området heile livet, kan oppleve langt større påverknad, understrekar Eide.

Marta Eide (t.h) er prosjektkoordinator for forskingssatsinga dCod 1.0. Her saman med Karina Dale, som er førsteforfattar på ein artikkel om burtorsken som nyleg var publisert i Marine Environmental Research.

Marta Eide (t.h) er prosjektkoordinator for forskingssatsinga dCod 1.0. Her saman med Karina Dale, som er førsteforfattar på ein artikkel om burtorsken som nyleg var publisert i Marine Environmental Research.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Meir stress og færre antioksidantar

Samanlikna med fisken på referansestasjonen, vaks fisken nærast fyllinga mindre. Han hadde også fleire teikn på det som kallast oksidativt stress. Det vil seie at produksjonen var høgare av molekyl som bryt ned eller øydelegg cellene i organismen.

Forskarane målte førekomsten i levra av to antioksidant-enzym; glutation S-transferase og katalase. Begge er viktige for forsvaret mot cellenedbryting.

– Vi fann mindre av begge i fisk frå Kollevåg-stasjonane enn i fisk frå referansestasjonen, seier Karina Dale, som meiner det er viktig å setje resultata frå studien inn i ein større samanheng:

– Fjordane og havet har vore nytta som avfallsplassar over heile landet. Rettesnora har på ein måte vore «ute av syne, ute av sinn». No er det viktig at vi finn ut korleis vi best kan rydde opp i desse områda, slik at ikkje gamle synder held fram med å påverke miljøet.

Bergen kommune dekte til området på Kollevåg på nytt i 2018. Forhåpentlegvis kan det bidra til at miljøtilstanden i sjøen betrar seg over tid.

 

Referanse: 

Karina Dale m:fl.: “Contaminant accumulation and biological responses in Atlantic cod (Gadus morhua) caged at a capped waste disposal site in Kollevåg, Western Norway”, Marine Environmental Research, mars 2019. Sammendrag.