Hjem
UiB innovasjon
Nyhet

Satsar innovativt med humaniora

Med selskapet Kulturminnekompetanse AS satsar Stian Suppersberger Hamre og Geir Atle Ersland på innovasjon med utgangspunkt i humanistisk forsking.

Stian Suppersberger Hamre
Stian Suppersberger Hamre er daglig leder for det nye selskapet.
Foto/ill.:
Dag Hellesund

Hovedinnhold

- Verdien av den humanistiske kunnskapen ligg i at ein får det ein publiserer ut i samfunnet. Både politikarar og andre treng påfyll frå humanistane, seier Stian Suppersberger Hamre.

Han er utdanna arkeolog og biologisk antropolog ved universitet i Australia og England, med doktorgrad frå Universitetet i Bergen. No har han starta selskapet Kulturminnekompetanse AS saman med UiB-professor Geir Atle Ersland, som er mellomalderhistorikar.

Må dokumenterast

Ideen er å hjelpe kommunar, utbyggjarar og andre som treng hjelp i arbeidet med kulturminne. Både kommunar og grunneigarar er pålagde å ta omsyn til kulturminne ved planlegging og bygging, men det er sjeldan at desse har råd til å halde seg med eigen arkeolog eller historikar for å gjere jobben.

- Eldre ting som skal rivast må til dømes dokumenterast på førehand, forklarer Hamre, som er dagleg leiar i Kulturminnekompetanse AS.

Treng ikkje ta vare på alt

Dei to stiftarane av selskapet har stor kompetanse mellom seg, og eit endå større nettverk på mange andre felt:

- Vi kan bidra hos dei kommunane som ikkje har kompetansen sjølv. Vi har allereie vore i kontakt med fleire kommunar, og behovet virkar å vere der. Det er ikkje så mange som driv med dette. Eg har sett ein del slike rapportar, men dei er dessverre ofte ganske overflatiske, seier Hamre.

Gamle hus er eit type kulturminne som ofte forsvinn. Då er det viktig å vite kva ein bør ta vare på, og kva som ikkje er så viktig.

- Eit døme på oppdrag vi får er når ein fylkeskommune vil ha ei vurdering på kva som bør skje med eit hus. Om det blir rive eller får stå blir opp til andre, seier Hamre.

Våningshus på Osterøy som er kartlagt

Kartlegging av kulturminneverdien av dette gamle våningshuset på Osterøy er eit av oppdraga for Kulturminnekompetanse AS.

Foto/ill.:
Stian Suppersberger Hamre

Deira jobb er å lage ein så nøytral og faktabasert rapport som muleg.

- Alt kan registrerast, men ein treng ikkje ta vare på alt. Men eg trur det er viktig å ha kunnskapen, både for dei som bur på ein stad no, og for framtida. Men det må vere ein balanse, slik at ikkje alt blir historie.

Praktisk bruk av humanistisk kunnskap

Hamre trur at dei humanistiske faga har godt av å tenkje på innovasjon og entreprenørskap, slik dei gjer med Kulturminnekompetanse AS.

- Vi må gjere nytte av kunnskapen vi har. På det medisinske og det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er det veldig tydeleg kva ein kan bruke kunnskapen til. Det er mange som ikkje ser den biten av humaniora. Men utan humanistisk kunnskap byrjar ein ofte på nytt kvar gong, og ofte blir ikkje denne kunnskapen godt nok utnytta, seier han.

Og dersom det blir funne eit skjelett under eit arbeid, eller inni ein mur, tar Hamre det på strak arm: Han er spesialist på gamle bein, og har doktorgrad på gamle graver frå tidleg kristentid i Norge.

- Dette er ein veldig praktisk bruk av humanistisk kunnskap, seier han.