Hjem
Fakultet for kunst, musikk og design
Organisasjon

Synnøve Myhre blir fakultetsdirektør på Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

– Det er bra for fagmiljøa ved Universitetet i Bergen å møte ein heilt ny måte å tenke på, seier nytilsett direktør for KMD, Synnøve Myhre .

Synnøve Myhre
LANG UNIVERSITETSERFARING: Synnøve Myhre, nytilsett direktør for Fakultet for kunst, musikk og design, har lang fartstid frå UiB, både frå leiarstillingar og som her frå Universitetsstyret.
Foto/ill.:
Dag Hellesund

Hovedinnhold

Myhre trur at etableringa av Fakultet for kunst, musikk og design kan styrke heile UiB.

– Den tverrfaglegheita dette opnar opp for kan stimulere til nytenking. Dette er eit nytt fakultet med ei anna type forsking, og ei anna type undervisning, som kan berike andre fagmiljø. Det er viktig at kulturen som Kunst- og designhøgskolen no bringer inn til Universitetet i Bergen blir ivaretatt og lytta til, seier Myhre. 

Kvifor velte du å søke denne jobben?



– Personleg har eg ei interesse for kunst, musikk og design. Kunst og design er spennande og ligg nærme hjartet mitt. Det blir også interessant å lære noko heilt nytt,  og det eg har sett av fakultetet så langt verkar veldig positivt. Eg gler meg veldig til å ta fatt, seier den nye direktøren.



Kva trur du vil bli dei største utfordringane ved å jobbe på eit nytt fakultet?

– Det er det altfor tidleg å svare på. Først eg ta meg tid til å sette meg inn i ting og blir kjent. Så det får vi komme tilbake til etterkvart, seier Myhre.

– Vi er veldig glade for at Synnøve Myhre har takka ja til å jobbe med oss. Vi ønsker henne hjarteleg velkommen og veit at dette blir eit godt samarbeid, seier interimsdekan ved Fakultet for kunst, musikk og design, Gerd Tinglum.

Synnøve Myhre kjem frå stillinga som administrasjonssjef på Institutt for biologi. Ho har hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap  frå Universitetet i Bergen og har sidan 2004 vore tilsett i ulike leiarstillingar ved UiB. Mellom anna har ho vore assisterande fakultetsdirektør ved dåverande Medisinsk fakultet, administrasjonssjef på Klinisk Institutt 2 og har i snart to år vore  administrasjonssjef på Institutt for biologi. Ho har også site i Universitetsstyret i snart fire år.

Myhre byrjar etter planen ved KMD i juni 2017. Cecilie Ohm er konstituert direktør for Fakultet for kunst, musikk og design.