Hjem
Fakultet for kunst, musikk og design

Politiattest, taushetsplikt og medisinsk testing

Studentar på musikkterapi og praktisk pedagogisk utdanning (PPU) skal levere teiingserklæring og politiattest ved oppstart på studiet. Musikkterapi har også krav til medisinsk testing.

Hovedinnhold

Teieplikt

Studenter på Femårig integrert masterprogram i musikkterapi og PPU skal ha praksis og må derfor forholde seg til dei same reglane for teieplikt som dei tilsette på praksisplasssen, jf. § 4-6 i Lov om universiteter og høyskoler. Ved studiestart og semesterregistrering stadfester du at du er kjent med reglane for teieplikt. 

Politiattest

Det er eit krav at studentar på Femårig integrert masterprogram i musikkterapi og PPU legg fram politiattest ved opptak til studiet. Du bestiller politiattest i studentweb, og laster den opp i vårt digitale skjema innan 20. august. Hugs at saksbehandlingstida hos politiet kan vere opp imot 14 dagar. 

Politiattesten vert kontrollert før du skal ut i praksis (det gjeld også ved skoleerfaring), og det er difor særs viktig at du leverer attesten innan fristen. Studentar utan gyldig politiattest får ikkje gå ut i praksis.

Fornya vandelskontroll kan gjerast i tilfelle der dette er relevant.

Medisinsk testing

I samband med praksis eller klinisk undervisning må studentar på musikkterapi gjennomføre undersøkingar for tuberkulose og meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA) om dei har vore utsett for smitterisiko.

Ta kontakt dersom du

  • i laupet av de 3 siste åra har vore minst 3 månedear i land med høg førekomst av tuberkulose (land utafor Vest-Europa, USA, Canada, New Zealand og Japan)
  • i laupet av dei 12 siste månadane har arbeida i helsevesenet, eller har vore innlagt på helseinstitusjonar, i land utafor Norden.
     

Land med høg førekomst av tuberkulose

Forskrift om tuberkuloseontroll