Siviliasjonens venterom
I ei ikkje så fjern framtid vert vi alle vurdert og styrt av algoritmar. I kjelleren på Universitetsmuseet i Bergen ønskjer UiB-forskarar å spele ut kva eit slikt overvakingssystem gjer med liva våre.
Hovedinnhold
Måndag 22. november vert kjellaren på Naturhistorisk museum omvandla til eit framtidig overvakingssamfunn. Her vil menneske søke tilflukt frå klimaendringane i ein stat styrt av ein velmeinande, men altomfattande, kunstig intelligens. Det er duka for drama og innsikt i korleis overvaking og algoritmar påverkar oss i det daglege.
Dramaet som utspeler seg denne dagen er laivrollespelet Sivilisasjonens venterom, og er ein form for rollespel der ein tek i bruk kulissar og kostymer for å spele ut ei improvisert forteljing. Denne måndagen er vi i eit overvakingssamfunn i år 2221. Dei 40 deltakarane er ei blanding av rollespelveteranar og nybyrjarar, lekfolk og forskarar, og målet er å utforske laivrollespel som formidlingsplattform.
– Gjennom laivrollespel kan ein få ei tettare erfaring med fenomen som elles er meir abstrakte, seier Kristian A. Bjørkelo. Han har nyleg levert doktorgradsavhandling om spelkultur og er tilknytt laivrollespelet som forskar.
Bak det heile står forskingsprosjektet Machine Vision in Everyday Life i samarbeid med profesjonelle laivutviklarar og universitetsmuseet.
– Maskinsynprosjektet er eit svar på den raske teknologiske utviklinga vi ser i dag, der vi menneske formar algoritmane med våre handlingar, samtidig som vi lar oss forme av å bli observert og leia av dei same algoritmane, seier professor og prosjektleiar Jill Walker Rettberg.
– PÅ laiven får deltakarane erfare etiske dilemma, og dei må ta val og forhandle med andre om kva som er gode måtar å bruke teknologi på, seier ho.
Påmelding til laiven er avslutta.
For meir informasjon:
www.sivilisasjonensventerom.no