Hjem
Neuro-SysMed (NSM)
Kurs

NEUROSYSM940, The nature of disease and suffering and the goals of precision medicine (2026)

Velkommen til Neuro-SysMed-kurset NEUROSYSM940 – The nature of disease and suffering and the goals of precision medicine!

Illustration of a person carrying a heavy weight.
Foto/ill.:
DALL-E AI illustration by Benedicte Engen

Hovedinnhold

Presisjonsmedisin er i ferd med å endre måten vi forstår helse og sjukdom på, ved å tilpasse behandling til kvar enkelt pasient. Dette kurset ser på det store bildet: Korleis påverkar presisjonsmedisin forsking og praksis – og kva for spørsmål, utfordringar og dilemma fører det med seg?

Gjennom faglitteratur, seminar og konkrete døme, legg kurset opp til refleksjon og diskusjon rundt dei etiske, sosiale og filosofiske sidene ved presisjonsmedisin. Vi tek i bruk tankar frå ulike fagfelt, til dømes ansvarleg forsking og innovasjon (RRI), vitskapsteori, teknologiforsking og medisinsk etikk, for å forstå korleis presisjonsmedisin påverkar både forskingskvardagen og samfunnet rundt oss.

For å gjere kurset relevant og praktisk, brukar vi deltakarane sine eigne prosjekt og problemstillingar som utgangspunkt for samtale og refleksjon.

Gjennom dette kurset vil du få innsikt og nye perspektiv på:

  • Dei viktigaste prinsippa og begrepa innan presisjonsmedisin (PM).
  • Ulike forståingar av liding, sjukdom og helse i ulike forskingstradisjonar, og korleis desse påverkar måla og retninga på forskinga.
  • Kjernebegrep innan ansvarleg forsking og innovasjon (RRI), inkludert kva RRI er, kvar det kjem frå, og kva rolle det spelar i samfunnet.
  • Korleis kvalitativ og sjukdomsspesifikk forsking kan bidra til utviklinga av presisjonsmedisin.
  • Korleis ulike forståingar av helse og sjukdom kan opne for tverrfagleg samarbeid og refleksjon i PM.
  • Korleis ein kan samanlikne og tenkje kritisk rundt PM som ein ny måte å organisere medisinsk forsking og klinisk praksis på.
  • Korleis ein kan identifisere og vurdere dei etiske og samfunnsmessige konsekvensane av PM, både for forskarar, legar, pasientar, pårørande og samfunnet som heilskap.
  • Korleis du kan reflektere over eigne, kanskje uuttalte, føresetnader i ditt eige fagfelt og forskingsprosjekt – frå planlegging til gjennomføring og effekt.
  • Korleis du kan finne og bruke relevant kvalitativ litteratur for å styrkje refleksjonen kring eige prosjekt og sjå det som ein del av ein større vitskapskultur.

Når: 26.-27. mars og 17. april 2026. 

Program: vil bli publisert her når klart

Undervisingsspråk: Hovudsakleg engelsk

Stad: Rom vil bli annonsert, i Bergen, campus Haukeland universitetssjukehus

Kven: Kurset er ope for ph.d.-kandidatar, studentar i Forskarlinja i medisin, postdoktorar og forskarar. Det er plass til maks 15 deltakarar. Ph.d.-kandidatar tilknytt Neuro-SysMed vil bli prioriterte.

Frist for påmelding: 1. februar 2026. Studentar utanfor UiB søkjer om plass via Søknadsweb, og UiB-studentar søkjer om plass via Studentweb

Studiepoeng: 2 ECTS ved Universitetet i Bergen for fullført kurs.

Akademisk ansvarlege: Caroline Benedicte Nitter Engen (caroline.engen@uib.no) og Jan Reinert Karlsen (jan.karlsen@uib.no). 

Kurskoordinator: Justin Haugland-Pruitt (email: justin.haugland-pruitt@uib.no). 

Les meir om NEUROSYSM940 på studentsidene.