Hjem
Forskargruppa Med fleirspråklegheit i tankane

Varselmelding

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Språkdagen

Norske ungdommar er glade og stolte over å vere fleirspråklege

Kven kan kalle seg fleirspråkleg? Det ville vi lære meir om i Ungspråk-prosjektet.

Young people
Foto/ill.:
Pixabay

Hovedinnhold

Ordet fleirspråkleg er ganske lett å forstå: fleire + språk. Altså meir enn eitt. Men har du lagt merke til korleis ordet blir brukt i aviser og debattar? Då viser fleirspråkleg gjerne til noko berre menneske med innvandringsbakgrunn er, og det blir ofte snakka om som noko problematisk å vere fleirspråkleg. Eg vil derimot påstå at alle ungdommar er fleirspråklege. Dei fleste har jo lært både norsk og engelsk heilt sidan første klasse. Engelsk møter dei også stadig vekk utanfor skolen, gjerne fleire timar for dagen gjennom filmar, gaming og sosiale medium.

Ikkje nok med det, på ungdomsskolen lærer fleirtalet eit nytt framandspråk, typisk spansk, tysk og fransk. I tillegg skal dei lære både nynorsk og bokmål, som offisielt er to ulike språk. I Norge brukar folk dessutan dialekten sin overalt, både i private og offentlege samanhengar, og til og med når dei skriv meldingar på mobilen. Vi forstår også rimeleg godt dansk og svensk. I tillegg har mange elevar kunnskap om ytterlegare språk fordi dei har eit anna morsmål enn norsk eller fordi dei høyrer eller brukar andre språk med familie og venner. Eg hevdar altså at alle ungdommar i Norge er veldig rike på språk og at dei er fleirspråklege. Men sjølv om eg meiner at alle er fleirspråklege, treng ikkje det bety at ungdommane sjølv identifiserer seg som det. Fleire anerkjente forskarar meiner at det ikkje er nok å kunne fleire språk, ein bør også vere bevisst på at ein faktisk er fleirspråkleg for å tørre å ta dei i bruk og for å ha lyst til å lære meir.

I Ungspråk-prosjektet deltok nesten 600 åttandeklassingar i Bergensområdet. Vi spurte elevane blant anna om kva språk dei kan, og kva dei brukar dei ulike språka sine til. Dei aller fleste lista opp tre eller fleire språk, og nokre hadde med inntil 10 språk! Ein elev sa for eksempel at han kunne japansk og polsk i tillegg til norsk, engelsk og tysk. Japansk fordi han brukar ein del japanske ord på karatetreninga, og polsk fordi han hadde lært nokre polske fraser av ein han gama med. Somme hadde også ført opp kroppsspråk og programmeringsspråk. Dette viser at mange ungdommar har eit opent og fleksibelt syn på kva som skal til for å kunne eit språk, og at dei også utvidar språkomgrepet til å gjelde andre typar kommunikasjon enn tradisjonell tale og skrift.  

Det fine med ungdommane i Ungspråk var at dei fleste såg på seg sjølve som fleirspråklege. Ca 70% svara at dei var det. Dei fleste var også positive til å kunne fleire språk og såg for seg at dei ville trenge meir enn berre norsk og engelsk i framtida.

I Ungspråk ville vi også vite kva elevane tenkte om det å kunne fleire språk, for eksempel om dei som kan fleire språk er smartare og meir kreative enn andre. Mange var skeptiske til dette, og det samsvarar med debatten i forskingsfeltet internasjonalt. Der er det akkurat no heftige diskusjonar om fleirspråklege har sånne fordelar framfor dei som berre kan eit språk. Men heilt i tråd med forskinga meinte fleirtalet av elevane at folk som kan fleire språk, lettare lærer seg nye språk og at dei dessutan får ei betre forståing av dei språka dei alt kan. I tillegg meinte fleirtalet at folk som kan fleire språk, er flinkare til å setje seg inn i andre sine følelsar og tankar enn dei som ikkje er like språkrike. Og då er vi inne på kjernen til kvifor ein bør lære seg språk.

Utan innsikt i andre levemåtar og verdiar og korleis desse blir uttrykt gjennom språk, klarer vi verken å forstå kvarandre eller samarbeide. Den auka interkulturelle kompetansen ein kan få ved å kunne fleire språk er med andre ord gull verd for den enkelte, men også for heile samfunnet.

Denne veka feirar vi den europeiske språkdagen! Norske ungdommar er stolte over å kalle seg fleirspråklege og ser verdien av å kunne fleire språk, sjølv om dei ikkje kan dei perfekt. Kanskje slike haldningar er det fleire treng for å tørre å kaste seg ut det spanande eventyret det er å lære seg nye språk eller friske opp gamle?