Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Vald og maskulinitet blant Samburu i Nord-Kenya

Thor Erik Sortland disputerer fredag 16. juni 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Samburu Youth Navigating Violent Terrains: Reconfiguring Samburu Masculinity in Northern Kenya».

Hovedinnhold

Den etniske gruppa Samburu som held til i Nord-Kenya har lenge drive med nomadisk husdyrhald, men i dag drøymer mange unge menn om å leve eit heilt anna liv enn foreldra sine. Trass ungdommens håp og draumar er det få moglegheiter til utdanning og arbeid, forventingane høver ikkje saman med verkelegheita og mange unge menn blir oppgjevne. I tillegg er det politisk uro og valdelege konfliktar i regionen som mange unge Samburu-menn tek del i eller vert prega av på andre måtar. Endringane pressar fram motsetningar mellom generasjonar og utfordrar tillitsforhold i nære relasjonar. Sortland visar at ungdommen tek kreative val i møte med utfordringane. Avhandlinga er basert på over eit år med feltarbeid i Kenya.  
    
Ein raud tråd i avhandlinga er korleis samfunnsendringane pregar identiteten til dei unge menna og Sortland tek for seg ein rekke ulike felt der maskulinitet blir forma. Eit viktig utgangspunkt er overgangsrituala der unge men endrar status frå born (gutar) til vaksen (menn). Rituala vert gjort i store grupper der ungdommen utviklar livslange relasjonar med kvarandre. Etter det første ritualet vert dei lmurran, ein viktig status som dei gjer synleg i særprega klede og dekorasjon. Ideelt sett skal lmurran halda seg utanfor det ordinære samfunnet, bygja opp eigen status og ha kollektivt ansvar for sikkerheita.  Ikkje alle er like opptatt av å utøve rituala lenger, nokre vel å ta med den karakteristiske klesdrakta inn i turistindustrien. Turistar som kjem til Nord-Kenya ynskjer ofte ei kulturoppleving som del av safarituren. Enkelte unge menn prøvar til og med å utnytte ein nisje i den erotiske turistmarknaden. Dei reiser til kystområde i eit forsøk på å etablere relasjonar med eldre europeiske kvinner som har kome til Kenya i søken etter unge menn. Eit anna felt der maskulinitet blir forma og utøvd er i kvegraid og andre formar for valdsutøving. Konfliktane i Nord Kenya er komplekse, og Sortland synar at valden har historiske, politiske og økonomiske årsaker.

Personalia
Thor Erik Sortland er frå Bømlo og har mastergrad i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen. Frå 2010 til 2014 var han tilsett som stipendiat ved Institutt for sosialantropologi, og har sidan vert doktorgradskandidat same plass. Sidan 2014 har Thor Erik i tillegg arbeida som lektor på Bømlo Vidaregåande Skule. Doktorgradsarbeidet er del av eit prosjekt finansiert av Noregs Forskningsråd, og har blitt rettleia av Professor Vigdis Broch-Due.