Hjem
Nye doktorgrader

Tilhøvet mellom offisielle og operative normer i nynorske skriftspråk

Stig Jarle Helset disputerer fredag 18. august 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Norm og røyndom – Ein statistisk studie av operative normer i det nynorske skriftspråket”.

Hovedinnhold

Det særmerkte med språksituasjonen i Noreg er ikkje at vi har fleire offisielle språk. Det særmerkte er at norsk skriftspråk har to offisielle målformer, nynorsk og bokmål, som båe har stor valfridom når det gjeld staving, bøying og avleiing, og som dermed kan bli temmeleg like kvarandre dersom ein nyttar valfridomen i radikal lei.

På grunn av den tidlegare tilnærmingspolitikken hadde vi ved inngangen til dette hundreåret ei offisiell norm for nynorsk med særs stor valfridom mellom det som gjerne blir omtala som høvesvis radikale, moderate og konservative former. Men i 2002 vedtok Stortinget at tilnærmingslinja ikkje lenger skulle vere gjeldande politikk. I staden skal måldyrkingsarbeidet no vere knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg, og gjeldande offisiell norsk språkpolitikk tilseier at hovudgrunnlaget for vidare normering av nynorsk skriftspråk skal vere språket slik det ser ut i nynorsk tekst, med særleg vekt på tekstar som blir vurderte som normdannande.

Gjennom ei systematisk gransking av formvala i eit stort og samansett utval av språklege variablar i eit stort og representativt utval av nynorske tekstar henta frå tidsrommet 1980-2010 kartlegg studien førekomsten og frekvensen av ulike former, og ikkje minst eksistensen av subvarietetar som består av bestemte språklege former som samvarierer på tvers av tekstane i materialet. Avhandlinga konkluderer med at dei moderate formene fullstendig dominerer over dei radikale og konservative formene, og med at det i materialet eksisterer ein tydeleg varietet av moderate og svakt radikale former og ein noko mindre klar varietet prega av meir radikale former, medan det ikkje er grunnlag for å identifisere nokon konservativ varietet. På denne bakgrunn tilseier funna i avhandlinga at ein ved framtidig normering av nynorsk bør gå i retning av ei meir snever rettskriving som er prega av moderate former.

Personalia

Stig J. Helset (f. 1971) har hovudfag i norsk språkvitskap (2005) frå Universitetet i Oslo. Sidan 2008 har han vore tilsett som høgskulelektor i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Frå 2013 til 2017 har Helset vore stipendiat ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitet i Bergen. Hovudrettleiar for avhandlinga har vore professor Helge Dyvik, medan professor Johannes Hjellbrekke har vore medrettleiar.