Hjem
Nye doktorgrader

Tverrfagleg skriveopplæring: felles- eller parallelt prosjekt?

Pernille Fiskerstrand disputerar fredag 25. august 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Fagspråk og språkfag – om møtet mellom skrivekulturane i norsk og samfunnsfag for elevar på Vg2 yrkesfag”.

Hovedinnhold

Utgangspunktet for studien er kva som skjer når lærarar frå ulike fag går saman og dannar eit tverrfagleg skriveprosjekt.  I denne granskinga er det lærarar frå norsk og samfunnsfag på Vg2 yrkesfag som har utført eit skriveprosjekt saman. I læreplanen til desse to faga er der fleire overlappande punkt om skriving av samanhengande drøftande tekstar, og etter innføringa av skriving som ein av fem grunnleggande ferdigheiter, ligg også der kimar til å samarbeide på tvers. Likevel veit vi at dette vert gjort i liten grad i vidaregåande skule.

Eit sentralt funn i avhandlinga til Fiskerstrand er korleis ansvaret for teksten som heilskap kan forsvinne mellom skulefaga når ein samarbeider på tvers av fag. Til vanleg er det gjerne den same læraren som viser korleis innhald, form og formål heng saman når elevane skriv i faget. I dette tilfellet blir innhald og form delt mellom lærarane, og formålet blir ikkje tematisert i det heile. Analysane frå prosjektet viser dermed korleis lærarane heller arrangerer eit parallelt skriveprosjekt i to fag, enn at dei går saman og dannar eit felles skriveprosjekt. Målet med tverrfagleg arbeid slik Stortingsmelding nr. 28 legg opp til, fell dermed bort. 

Det parallelle skriveprosjektet fører i dette tilfellet til at elevane opplever krava frå dei to faga til den same teksten som motstridande, og tekstane som dei skriv, blir ein hybrid mellom svar på repetisjonsspørsmål og ein samanhengande tekst. I siste del av avhandlinga blir desse funna drøfta opp mot nyare skriveforsking for å finne nye måtar å drive fram det tverrfaglege samarbeidet. Her kjem det fram at skriving på tvers av fag er ein krevjande måte å arbeide på, då alle rammer for teksten må avklarast mellom dei involverte lærarane. Samtidig opnar denne skrivinga for rike læringssituasjonar.

Undersøkinga som ligg til grunn for doktorgradsarbeidet til Fiskerstrand, er gjennomført i ein elektrofagklasse og ein service og samferdsel-klasse. Den eine klassen har same faglærar i både norsk og samfunnsfag, medan dette er delt mellom to i den andre klassen. Granskinga er gjort på bakrunn av at lærarane fekk spørsmål om dei kunne gå saman og utforme eit skriveprosjekt. Alle rammer for prosjektet er bestemt av lærarane, medan Fiskerstrand har følgt prosessen, observert, intervjua og analysert eit utval av elevtekstane.

Personalia

Pernille Fiskerstrand er busett i Ulsteinvik og underviser til dagleg i norsk ved Høgskulen i Volda. Ho har bakgrunn som allmennlærar med master i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Agder. Avhandlinga er skriven med støtte frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og med opptak ved Universitetet i Bergen.