Hjem
Nye doktorgrader
Kunstnarisk forskingsprosjekt

Fornuft og kjensle – å framføre musikk av C.P.E. Bach

Ingrid E. Hagen disputerer fredag 9. februar 2018 med det kunstnariske forskingsprosjektet: «Fornuft og kjensle – å framføre musikk av C. P. E. Bach”

Hovedinnhold

”I møtet med Emanuel Bach sin komplekse og uttrykksfulle musikk – med klavikordet, som er like intenst og nyanserikt som det er sart og lydsvakt – med tankane om musikalsk empati, der utøvar og lyttar saman opplever det sanne innhaldet og kjenslene i musikken – oppstår ein trong til nærleik, intimitet. Men kor nær kan me kome? Kor nær vil me kome? Nær nok til å høyre instrumentet. Nær nok til å forstå kva musikken seier – til å følgje med i alle dei vedunderlege svingane av – skarpt vidd. Djupaste alvor. Ømmaste kjærteikn. Boblande glede. Tanken som ikkje let seg – let … seg … – … Men så knirkar golvet. Nokon snur på seg. Klarar ikkje høyre. Kvifor speler ho så svakt? Klarar ikkje forstå. Så mange notar. Fryktelig fort heile tida! Kven var no eigentleg denne fyren – det er veldig lenge sidan han levde?”

Dette er refleksjonen i Ingrid E. Hagen sitt kunststipendiatarbeid. Med utgangspunkt i hennar personlege møte med Emanuel Bach (1714–'88) sin musikk og hans idear om musikalsk empati har ho utforska formidlinga til publikum. Ho har arbeidd i spenningsfeltet mellom intimitet og avstand – prøvd ut ulike måtar å kome nærmare på og kjend på motstanden som oppstår i desse forsøka.

Ho har framført Bachs musikk utandørs, på museum, for menneske som ikkje forventa å oppleve levande musikk, på jakt etter det nære møtet for empatisk samoppleving av musikken. Og ho har undersøkt relasjonar mellom musikk og språk, både strukturelle, utrykksmessige og kontekstualiserande. Dette har ho gjort for å betre si eiga forståing og kunstnarlege innleving i stoffet, og for å finne ut korleis ulike vis å kommunisere og utnytte desse i formidlingssituasjonen kan forme opplevinga på ulikt vis.

Gjennom arbeidet har ho vorte merksam på kor mykje ulike konsertformat eller andre presentasjonsformer påverkar kva publikum lyttar til i musikk, og slik kva dei får ut av den.

Personalia:
Ingrid E. Hagen  (f. 1978) har hovudfag i cembalo frå Griegakademiet, med Hans Knut Sveen som lærar. Som cembalist har ho vore med på mykje moro. T.d. turnear i Nord-Noreg: Med MiN-ensemblet, med Brøstadbotn Barokkband, Paul Wåhlberg, og Via Galante. Ho har sitte midt inni store pasjonsframføringar i domkyrkjene i både Stavanger, Bergen og Trondheim, samt i Trefoldighetskirken i Oslo. Dessutan har ho spelt skolekonsertførestellingar i heile Hordaland.