Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

På jakt etter mekanismar som knytter saman diabetes og fedme

Marie Holm Solheim disputerer torsdag 19. april 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "PI 3-kinase regulation of mice and men: Novel aspects of insulin and growth factor signaling".

Hovedinnhold

Diabetes er ein alvorleg sjukdom som enten skuldast mangel på det blodsukkersenkande hormonet insulin eller at insulinet ikkje verkar som det skal i cellene (insulinresistens). Dei siste åra har vi sett ei kraftig auke av diabetes. I Noreg har omlag 230 000 menneske sjukdommen. 10 % av desse har diabetes type 1 (mangel på insulin), mens resten har diabetes type 2. Mange har diabetes type 2 utan å vite om det. Det er viktig å få betre kunnskap om sjukdommen for å bremse den skremmande veksten og for å betre behandlinga og livskvaliteten til personar med diabetes.

Verknaden av insulin på cellene er nøye kontrollert av eit stort og komplekst nettverk av molekyl. I doktorgradsarbeidet har Marie Holm Solheim arbeidd med ein genfeil som er funne i ein norsk familie med ein sjeldan form for arveleg diabetes. Genet som er skada, kodar for eit protein kalla PI 3-kinase. Personane med den aktuelle genfeilen har kraftig insulinresistens og diabetes. Dessutan er dei kortvaksne og har i tillegg lite feitt på kroppen. For å betre forstå sjukdommen og kva for rolle genet spelar, har Solheim studert ein musemodell av sjukdommen.

Mus vart laga med familien sin mutasjon satt inn i det tilsvarande musegenet. Musene med genfeilen vart som eit spegelbilde av pasientane: dei hadde diabetes, var små, og hadde lite feitt på kroppen. Dermed hadde Solheim laga ein perfekt musemodell for ein diabetes-sjukdom hos menneske. Studiar av celler og organ frå dei små musene synte at celler med genfeilen reagerte unormalt på stimulering av insulin. Cellene svarte også dårlig på andre vekstfaktorar som er viktig for normal cellefunksjon. Eit spesielt interessant funn var at sjølv om genfeilen finst i alle cellene i kroppen, er det feitt- og leverceller som er mest påverka.

Doktorgradsarbeidet til Marie Holm Solheim har dermed ført til ny kunnskap om korleis insulin fungerer i cellene våre. Dette er viktig ikkje berre for dei med diabetes, men også for personar med sjukdommar som påverkar vekst og utvikling.

Personalia
Marie Holm Solheim (f. 1988) frå Rosendal i Kvinnherad er utdanna Master frå Molekylærbiologisk institutt, Universitetet i Bergen. Solheim starta som doktorgradsstipendiat i 2014 med finansiering av UiB ved KG Jebsen Senter for Diabetesforsking, Klinisk Institutt 2. Tre år av doktorgradsarbeidet (2014-2017) er utført ved Joslin Diabetes Center, Harvard Medical School i Boston, USA. Arbeidet er gjennomført under rettleiing av Prof. Pål R. Njølstad, Prof. C. Ronald Kahn og Prof. Anders Molven.