Hjem
Nye doktorgrader

94 – 70 000 år gamalt buplassavfall gjev ny kunnskap om utviklingen av det moderne menneske

Magnus Mathisen Haaland disputerer fredag 15. juni 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: «Geoarchaeological and micro-contextual investigations of Middle Stone Age occupation deposits at Blombos Cave, South Africa».

Hovedinnhold

Haaland har i si doktorgradsavhandling rekonstruert forhistoriske buplassmønster etter tidlege menneske som budde i Blombos Cave (Sør-Afrika) i perioden 94 – 70 000 år sidan. Målet med avhandlinga har vore å sjå nærare på kor vidt endringar i fysiske buplasspor kan gje oss meir utfyllande kunnskap det tidlege mennesket sitt levevis og utvikling over tid. Ved bruk av innovative geo-arkeologisk metodar demonstrerer Haaland gjennom tre vitskaplege artiklar korleis forhistorisk busettingsaktivitet og åtferdsutvikling kan identifiserast og analyserast gjennom sediment-baserte studiar av forhistoriske kulturlag. 

Dei arkeologiske og geo-arkeologiske observasjonane tydar på at dei kulturelle og teknologiske nyvinningane som ein tidlegare har påvist i Blombos Cave i tid fell saman med markerte endringar i bustadsaktivitet, buintensitet og gruppe-mobilitet. Den eldste mellom-steinaldarfasen i Blombos Cave, datert til 94 000 år sidan, er karakterisert av enklare og meir uniform materiell kultur, langvarige og kontinuerlege buperiodar og færre vitjingar. Den yngste mellom-steinaldarfasen i Blombos Cave er datert til 70 000 år sidan og er kjenneteikna av  særs kompleks materiell kultur og fleire teknologiske nyvinningar. I denne fasen vert hola vitja mykje oftare enn før, men kvar vitjing ser ut til å ha vore meir kortvarig.

Ut frå desse resultata konkluderer Haaland med at utviklinga av kompleks sosial åtferd og produksjonen av moderne materiell kultur i Blombos Cave må sjåast i høve til lokale endringar i busetnadsmønster, og i høve til regionale forflytnings- og buplasstrategiar. Ei endring i forhistorisk buplassdynamikk i form av auka jegar-sankar mobilitet kan, til dømes, ha ført til ei auke i fysisk og sosial interaksjon mellom ulike regionale grupper; noko som igjen kan ha ført til utviklinga av meir komplekse sosiale nettverk og samstundes stimulert til auka produksjon av materiell kultur som styrka identiteten, samhaldet og kommunikasjonen innan og på tvers av ulike grupperingar.

Personalia

Magnus Mathisen Haaland (f. 1986) tok mastergrad i arkeologi ved Universitetet i Bergen i 2012 med fokus på sørafrikansk mellomsteinalder i Blombos Cave. Han var stipendiat ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen, fra 2013 til 2016. Veiledere for avhandlingen har vært professor Christopher Stuart Henshilwood (UiB) og professor Christopher E. Miller (Eberhard Karls University of Tübingen, Tyskland). Haaland arbeider nå ved Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE), et Senter for fremragende forskning (SFF) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR), Universitetet i Bergen (UiB).