Hjem
Nye doktorgrader

Plastikkirurgi – meir enn kosmetikk

Stian Kreken Almeland disputerer 31.08.18 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Undergraduate Education in Plastic Surgery”.

Hovedinnhold

Mange framtidige legar veit ikkje kva faget plastikkirurgi inneber utover det som vert vist gjennom TV-seriar og media. Der er det gjerne den kosmetiske delen av faget som vert framstilt, medan sentrale delar av offentleg plastikkirurgi, som rekonstruksjon etter kreft og ulukker og behandling av brannskader, ikkje når fram i rampelyset. Dette kjem fram av arbeidet i avhandlinga til Almeland, der det vert argumentert for betre integrert undervising om plastikkirurgi til medisinstudentane. I avhandlinga er det difor utarbeidd eit framlegg til eit nordisk kjernepensum i plastikkirurgi for medisinstudentar.

Avhandlinga tek også for seg ferdigheitstrening i kirurgisk teknikk. Ein metodikk for vurdering av studentane sine ferdigheiter i å sy sår har vorte utvikla som del av avhandlinga og vart nytta for å måle effekten av ulike opplæringsmetodar i syteknikk. Ved å integrere meir avanserte metodar i syopplæringa vart studentane meir interessert i plastikkirurgi som fag, men utan at det hadde betre effekt på ferdigheitene deira.

Arbeidet syner at det er rom for å forbetre undervisinga i plastikkirurgi ved den norske legeutdanninga. Det nyutvikla kjernepensumet vil kunne gjere det lettare å integrere plastikkirurgisk undervising, slik at framtidige legar får ei grunnforståing for faget som gjer at pasientar får tilgang på rett behandling. Utviklinga av vurderingsmetodar for tekniske ferdigheiter vil gjere det mogleg å finne fram til meir effektive måtar å lære opp framtidige legar.

Almeland og medarbeidarar har spurt over to tusen norske medisinstudentar om deira kunnskapar om plastikkirurgi. Ekspertar frå dei nordiske landa har delteke anonymt i utviklinga av kjernepensumet medan medisinstudentar frå Universitetet i Bergen har vore med i opplæring og utprøving av i sykunnskapar.

Personalia

Stian Kreken Almeland er oppvaksen og bur i Øystese i Hardanger. Han er utdanna lege frå Universitetet i Bergen og er spesialist i plastikkirurgi med kirurgisk utdanning frå Førde, Tromsø og Bergen. Almeland er tilsett som overlege ved Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi ved Haukeland universitetssjukehus og arbeider der med brannskader og rekonstruktiv mikrokirurgi. Ph.d.-graden utgår frå Klinisk institutt 1 ved Det Medisinske Fakultet ved Universitetet i Bergen.