Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Energirike partiklers rolle i atmosfæren

Annet Eva Zawedde disputerer 12/12/2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen “The impact of energetic electron precipitation on mesospheric hydroxyl”.

Hovedinnhold

Energirike elektron og proton, fanga i jordas magnetfelt, kan kollidera med gassane i atmosfæren. Kollisjonane innleiar ei rekkje kjemiske reaksjonar som aukar produksjonen av mellom anna OH-gass mellom 60 og 80 km. Dette området vert kalla mesosfæren. OH-gassen kan i sin tur bryta ned ozon. Ozon er viktig for energibudsjettet ved desse høgdene, så dersom ein endrar mengda ozon kan ein forandra temperatur og vindar i dette området.

Det er såleis avgjerande å ha vita kor mykje og ved kva høgd partiklane avset energien sin for å forstå kva rolle dei spelar i atmosfæren. I denne avhandlinga vert det nytta målingar frå partikkeldetektorar om bord ein serie satellittar kalla NOAA/POES. Ved hjelp av ein ny metode vert fluksen av elektron som treff mesosfæren talfesta. I åra 2005 til 2009 har ein også målingar av OH og ozon-gassane frå ein annan satellitt kalla Aura. Ved å kombinera desse målingane kan ein studera kor viktig partiklane er for variasjonen av desse gassane i atmosfæren.

Avhandlinga viser at elektronnedbøren produserer vesentleg mengder OH-gass til og med i år med svak solaktivitet. Ved hjelp av statistisk analyse finn avhandlinga den relative påverknaden på OH-gass frå ulike faktorar som temperaturendringar, andre gassar og elektron og protonnedbør. Avhandlinga avdekkjer også at periodar med auka elektronnedbør og auka OH-tettleik fører til lågare ozon-tettleik. På grunn av transport av gassane og tidskonstantar assosiert med ulike kjemiske reaksjonar skjer ikkje ozonreduksjonen nødvendigvis i same området som elektrona avsette energien sin.

På bakgrunn av dette arbeidet kan ein i neste omgang undersøkja i kva grad det er også mogleg å avdekkja endringar i temperatur og vindar i mesosfæren.

 

Personalia

Annet Eva Zawedde was born on 16/10/1984 in Entebbe, Uganda. She graduated with a BSc. Education at Makerere University, Kampala in January 2009. Annet Eva Zawedde joined the University of Bergen in January 2013, graduated with an MSc in Space Physics in November 2014. She started her PhD in May 2015.