Hjem
Nye doktorgrader
Nye doktorgrader

Bevisst språkpolitikk, takk!

Trude Bukve disputerer fredag 6. desember 2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Language use in higher education. The student perspective".

Hovedinnhold

Avhandlinga undersøker korleis studentar opplever språket dei møter i løpet av utdanninga. Språket i høgare utdanning er ikkje sjeldan gjenstand for debatt. Ei rekke språkpolitiske dokument har vorte utarbeidd på nordiske universitet og høgskular for å handtere dei språklege utfordringane ein kan møte i sektoren. I desse dokumenta vert den aukande bruken av engelsk sett på som eit resultat av kravet om internasjonalisering i sektoren. Dei lokale språka vert i hovudsak omtala som noko det er viktig å ta vare på. Korleis språket kan påverke studentane vert derimot via mindre plass i desse dokumenta.

For å finne mønster i haldningane til språk i utdanninga vart ei spørjeundersøking sendt ut til studentar ved sju nordiske universitet. Til saman deltok om lag 1150 studentar frå naturvitskaplege fag, juss og filosofi. Dette er studentgrupper som opplever svært ulike språklege praksisar på utdanningane sine, men alle møter dei det lokale språket (som til dømes norsk, dansk eller finsk) og engelsk i større eller mindre grad, og alle har dei meiningar om språka dei møter i undervisninga.

Dei tre artiklane som inngår i avhandlinga set søkelyset på ulike sider ved studentane si oppleving av språkval i akademia, mellom anna synet deira på engelsk i undervisinga. Fleirtalet av studentane som deltok i undersøkinga var positive til bruk av engelsk. Samstundes synte det seg ein del systematiske skilnader i haldningane. Mellom anna var studentar som hadde lågare tiltru til sine eigne engelskkunnskapar meir skeptiske til bruk av engelsk. Fleire studentar etterlyste at førelesarar skulle ha eit meir bevisst forhold til språket ein gjer seg bruk av i utdanninga, og fleire studentar påpeikte utfordringar knytt til ikkje berre sin eigen, men òg førelesarar sin engelskkompetanse.

Resultata  tyder at universitet og høgskular bør leggje opp til ein meir bevisst språkpolitikk. Språkpolitikken bør ikkje berre handtere språka si framtid som forskingsspråk og kulturberarar, men også legge opp til at språket vert ein ressurs for studentane.

Personalia

Trude Bukve (f. 1986) har ein mastergrad i allmenn lingvistikk frå Universitetet i Bergen og har sidan 2018 vore tilsett ved lærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet.