Diabetesstudier med stamcellebaserte modeller
Yngvild Bjørlykke disputerer 12.12.19 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ”In vitro modelling of monogenic diabetes using human induced pluripotent stem cells”.
Hovedinnhold
Diabetes er ein metabolsk sjukdom der pasientane har for høgt blodsukker, noko som er skadeleg for andre organ til dømes augene, blodomlaupet, nyrene og nervesystemet. I dag blir diabetespasientar behandla med insulin-injeksjon eller tablettar som regulerer blodsukkeret, og for mange pasientar blir dette krevjande då det har stor innverknad på kvardagen.
Årsaken til diabetes kan vere mange, til dømes kan det vere ein feil i dei insulin-produserande cellene. For å gi diabetespasientar rett behandling, er det naudsynt å vite meir om dei ulike typane av diabetes. Monogen diabetes er ei sjeldan form for diabetes, der pasientane har mutasjon i eit enkelt gen, og dette fører til utvikling av diabetes. Genane som er mutert har ofte ei sentral rolle for funksjonen til dei insulin-produserande cellene og ved å studere desse pasientane kan ein lære meir om feila som oppstår i dei insulin-produserande cellene og om utvikinga av diabetes.
Dei insulinproduserande cellene ligg inne i bukspyttkjertelen, noko som gjer dei svært utilgjengelege å forske på. Bjørlykke og medarbeidarar har tatt i bruk ny teknologi som gjer det mogleg å lage insulin-produserande celler frå hudcellene til pasientar; ein tar hudceller frå pasienten, reprogrammerer desse til stamceller, for så å spesialisere dei til å bli insulin-produserande celler. Spesialiseringa skjer ved å steg-vis dytte cellene i rett retning ved hjelp av små molekyl. Bjørlykke og medarbeidarar har laga insulinproduserande celler frå hudceller til pasientar med monogen diabetes. Bjørlykke har sett på kvaliteten til stamcellene samt samanlikna dei genererte insulinproduserande cellene frå diabetespasientar og friske personar og funne skilnadar som kan gi oss ein peikepinn på kva som går gale i pasientane når dei utviklar diabetes. Bjørlykke har også forska på korleis ein kan gjenskape miljøet som ein finn i bukspyttkjertelen på ein betre måte i laboratoriet, med særskild fokus på 3D aspektet og extracellulære faktorar.
Personalia
Yngvild Bjørlykke (f. 1986) er oppvaksen på Stord. Ho tok ein bachelorgrad i biologi (2009) og ein mastergrad i medisinsk cellebiologi (2011) ved Universitetet i Bergen.
Under doktorgraden har ho vore tilknytt Diabetes stamcelle gruppa, UiB, med Helge Ræder, Luiza Ghila og Marc Vaudel som rettleiarar.
