Hjem
Nye doktorgrader

Forbetra omdanning av feitt til fornybar plast

Sondre Hilmar Hopen Eliasson disputerer 14.02.20 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Mechanistic insight for improved catalytic conversion of fatty acids to linear alpha-olefins".

Hovedinnhold

Ein av dei største utfordringane verda står overfor i dag er å erstatte fossile brennstoff med fornybare alternativ. Ikkje berre er det klimautfordringar knytt til CO2 utvikla frå forbrenninga av fossile brennstoff for energiproduksjon, men etterkvart vil også reservoirane bli tømt og lønnsamheita av produksjonen minke.

Sjølv om fornybare energikjelder som vasskraft, vindkraft og solceller i større og større grad kan konkurrere med kull, olje og gass, er det lett å gløyme kor avhengige vi er av produkt som er direkte eller indirekte basert på fossile brennstoff. Plast, til dømes, består av lange kjedar av repeterande kjemiske byggesteinar. Desse byggesteinane, hydrokarbon med dobbelbinding mellom dei to første karbonatoma er kalla alfa-olefin, og blir i all hovudsak produsert frå petroleum i dag.

For å gjere produksjonen av kjemikaliar berekraftig, er det to moment som er avgjerande. Først og fremst må dei kunne bli danna frå fornybart materiale, dernest må omdanninga vere så effektiv som mogleg slik at dei kan konkurrere med den petroleumbaserte versjonane. Alfa-olefin kan framstillas frå feittsyrer som ein kan hente frå fornybar plante- og algeolje. Desse prosessane er diverre på langt nær effektive nok endå. Av denne grunn har Eliasson gjennom kvantemekaniske datasimuleringar modellert kva som skjer på molekylært nivå i omdanninga av feittsyrer til alfa-olefin. Dette for å identifisere kva faktorar med reaksjonen som er bestemmande for effektiviteten.

I løpet av doktorgraden har effekten av variasjon av feittsyra, løysemiddelet og katalysatoren på reaksjonen blitt studert, og dei observerte eksperimentelle resultata har blitt forklart ut i frå eit molekylært perspektiv. Med den auka innsikta i korleis dei ulike faktorane påverkar reaksjonen, er håpet at ein i framtida kan optimere desse faktorane og designe prosessen til å vere endå meir effektiv og miljøvenleg.

Personalia

Sondre Hilmar Hopen Eliasson (født 1990) frå Florø fullførte ein mastergrad i nanovitenskap ved Universitetet i Bergen i 2014, med ei oppgåve innan atomfysikk. Sidan september 2014 har han arbeidd med doktorgraden sin ved kjemisk institutt, Universitetet i Bergen.

Hovudrettleiar har vore professor Vidar R. Jensen medan Dr. Giovanni Occhipinti har vore birettleiar.