Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Friske stamcellegivarar som reddar liv

Guro Kristin Melve disputerer 28.10.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Immunoregulatory networks in healthy adult allogeneic stem cell donors ".

Hovedinnhold

Transplantasjon med bloddannande stamceller kan redde livet til pasientar med blodkreft og alvorleg immunsvikt, men kan også gje alvorlege og i verste fall dødelege komplikasjonar. Sysken har 25 % sjanse for å ha same vevstype som pasienten og dermed kunne gi stamceller. Vekstfaktorbehandling mobiliserer givarens stamceller frå beinmargen til blodet, der dei blir hausta med blodseparator saman med ulike immunceller. Donorcellene blir gjevne direkte inn i blodbanen til pasienten, finn sjølve vegen til beinmargen og dannar eit nytt immunsystem. Immunceller frå donor kan drepe kreftcellene, men kan også gjere skade ved å angripe pasientens friske celler.

Vekstfaktorbehandlinga påverkar immunsystemet til donor, men det er ikkje avklart korleis dette verkar inn på resultatet av transplantasjonen. Melve har undersøkt ei lang rekke immuncelletypar, immunologiske signalmolekyl og stoffskifteprodukt hjå friske vaksne i samband med at dei gjev stamceller. Dette er kartlagt under behandling med vekstfaktor og celleseparator, likeeins korleis balansen mellom ulike aktørar i immunsystemet endrar seg gjennom prosessen. Resultata syner stor grad av variasjon mellom friske vaksne givarar før donasjon, og variasjonen aukar ytterlegare gjennom mobilisering og oppsamling av blodstamceller. Dette fører til store skilnader frå pasient til pasient i type og mengde immunceller og løyselege immunsubstansar som fylgjer med stamcellene ved transplantasjon. Resultata tyder på at både vekstfaktorbehandlinga for å frisetje stamcellene til blodet og haustinga frå blodet endrar givarens immunceller på ein måte som kan påverke utfallet etter transplantasjonen.

Avhandlinga aukar kunnskapsgrunnlaget som skal til for å gjere stamcelletransplantasjon til ei tryggare behandling.

Personalia

Guro Kristin Melve er oppvaksen på Voss og utdanna lege ved Universitetet i Bergen. Ho er spesialist i immunologi og transfusjonsmedisin og arbeider som seksjonsoverlege ved Seksjon for celleterapi, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland Universitetssjukehus. Doktorgradsarbeidet går ut frå Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, med professor Øystein Bruserud som hovudrettleiar og førsteamanuensis Elisabeth Ersvær og professor Einar K. Kristoffersen som medrettleiarar.