Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Meir enn ei øy i ein ørken – Silkevegen sett frå Kroraina

Tomas Larsen Høisæter disputerer 4.12.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "At the Crossroad of the Ancient World".

Hovedinnhold

Silkevegen har tradisjonelt blitt sett på som eit nettverk av handelsruter og kontakt som strakk seg frå aust til vest i Eurasia og batt saman det kinesiske Han riket med Romerriket. Avhandlinga til Tomas Larsen Høisæter undersøkjer oasekongedømme Kroraina, også kjent som Shanshan, i det søraustlege hjørnet av Tarimbekkenet i dagens Xinjiang i Kina, og spør kva kjeldene frå dette kongedømmet kan fortelje om korleis det berømte Silkevegnettverket fungerte i seinantikk tid, 200 til 500 e.v.t.

Studien baserer seg på det særleg rike kjeldematerialet tilgjengeleg frå kongedømmet Kroraina i denne perioden. Grunna dei tørre ørkenforholda i Tarimbekkenet har nemleg særleg mykje blitt bevart frå kongedømmet Kroraina, inkludert ruinane av oase-byar, inntørka jordbrukslandskap, rike graver, stupa og festningsverk. Men dei viktigaste kjeldene for avhandlinga er dei nesten ni hundre lokalproduserte dokumenta funne i Kroraina. Desse vart skrivne med skriftsystemet Kharosthi på språket Gandhari og Høisæter har i løpet av arbeidet sitt systematisert desse dokumenta i ein database. Basert på dette rike kjeldematerialet ser avhandlinga nærare på dei økonomiske tilhøva i kongedømmet, kva spor det finst av import og til slutt i kva grad kongedømmet var involvert i Silkeveghandelen.

Høisæter viser i avhandlinga korleis kongedømmet Kroraina hadde eit komplekst økonomisk system strukturert og oppretthalde av kongedømmets rettsvesen. Avhandlinga viser også korleis kongedømmet Kroraina og andre mindre statsdanningar i Sentral Asia spela ei sentral rolle i å skape og oppretthalde Silkevegnettverket. Dette gjorde dei gjennom å tilby praktiske løysingar på dei store utfordringane som reise og handel gjennom det ville landskapet i Sentral Asia førte med seg. Avhandlinga konkluderer med å føreslå ein ny modell for korleis ein skal forstå Silkevegen-fenomenet, ein modell som legg vekt på samspelet mellom nettverk og handel på forskjellige nivå.

Personalia

Tomas Larsen Høisæter (f. 1989) har bachelorgrader i historie og japansk, og tok mastergrad i historie ved Universitetet i Bergen. I 2015 i forkant av doktorgraden hadde han eit eittårig prosjekt som omhandla kjeldestudium og studium av sogdisk språk ved Universitet i Kyoto rettleia av professor Minoru Inaba. Avhandlinga er rettleia av professor Jørgen Christian Meyer.