Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Om menn og etternamnsval i parforhold

Line Førre Grønstad disputerer 11.12.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Fellesskap og individualitet. Kjønna etternamnsval blant norske menn i heterofile parforhold".

Hovedinnhold

Noreg skorar høgt i forhold til andre land når det gjeld kjønnslikestilling. Likevel er det få norske menn i heterofile forhold som tar etternamnet til kona. Til skilnad tar om lag halvparten av kvinnene etternamnet til ektemannen. I sitt arbeid har Grønstad undersøkt korleis menn som held på etternamn og menn som endrar tenker om dette valet. Viktigast for mennene som endra namn var funksjonen etternamna hadde i skapinga av ein ny kjernefamilie og namngjeving av barn. Endringa skjedde gjerne i samband med overgangen til ekteskap. Valet vart i tillegg gjort i ein kontekst av omsorg for sjeldne namn og etternamn fortalde noko om slekter og tilhøyrsle. Det kunne i nokre tilfelle føre til konflikt med opphavsfamilien til mennene. For mennene som heldt på oppvekstnamnet kunne omgrep som ‘tradisjon’ vere med på å forklare valet, medan mennene som endra gjerne gjorde det fordi dei ikkje likte tradisjonen. Få menn som heldt på etternamnet var opptekne av likestilling. Heller ikkje dei som endra var særleg opptekne av dette, men såg ut til å ta for gitt at kona sitt opphavlege etternamn også kunne veljast. Kjensler av identitet spela også ei sentral rolle.

Grønstad si forsking viser breidda i kjensler og handlingar når det gjeld etternamnspraksisar blant heterofile norske menn. Dette kastar lys over vala som kvinner gjer, fordi også kvinner har mange av dei same grunngjevingane for å endre som mennene. Det gjer det mogleg å forstå rolla menn som held på oppvekstnamnet speler når idealet om felles etternamn i kjernefamilien står sterkt. Vidare kan forskinga fungere som utgangspunkt for vidare forsking på namepraksisar blant samkjønna par og ulike minoritetsgrupper i Noreg, fordi ho viser fortolkinga av normer og praksisar blant majoritetsmenn. Ikkje minst seier resultata noko om kompleksiteten og breidda i erfaringar som påverkar manglande likestillingspraksisar i eit svært likestillingsorientert land.

Personalia

Line Førre Grønstad (f. 1980) er utdanna kulturvitar ved UiB i 2009, og har ein MBA frå Nord universitet. Ho er prosjektleiar i organisasjonen Memoar, og arbeider med innsamling og arkivering av munnleg kjeldemateriale. Tidlegare har ho arbeidd med oppdragsforsking og har vore konservator ved Norsk Folkemuseum. Hovudrettleiar for avhandlinga har vore professor Tove Ingebjørg Fjell og birettleiar har vore fyrstekonservator Thomas Michael Walle.