Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Bruk av CO2-skum kan auke oljeutvinning og lagringskapasitet

Tore Lyngås Føyen disputerer 18.12.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "CO2 Foam Using non-ionic Surfactants".

Hovedinnhold

Fullskala fangst og lagring av klimagassen CO2 skal endeleg realiserast i Noreg. Prosjektet som har fått namnet "Langskip" involverer sikker lagring av CO2 om lag 2.500 meter under havbotnen vest for Bergen. Hensikta er å etablere ei klimaløysing for industriprosessar, der utslepp ikkje kan kuttast, med å ta i bruk fornybar energi. Prosjektet er stort og har ei kostnadsramme på om lag 25 milliardar. For å nå utslippsmålet framlagt i Parisavtala må det etablerast eit tilsvarande prosjekt omtrent kvar veke på globalt nivå. Industrielt fanga CO2 skal pumpast ned i porøse geologiske formasjonar i undergrunnen for permanent lagring. Dei geologiske formasjonane er fylte med vatn, gass eller olje, og CO2 som pumpast inn må fortrenge væska som er tilstades for å skapa lagringsvolum. Fortrenginga er ofte ineffektiv grunna den låge viskositeten til CO2 samanlikna med vatn. Avhandlinga adresserer denne utfordringa ved å kombinere CO2 med såpe (såkalla surfaktant) for å danne skum. Skum aukar viskositeten til CO2 betydeleg. Ved hjelp av skum betrast fortrenginga av væske og lagringskapasiteten for CO2 i reservoaret aukar. Bruk av skum kan redusere kostnader, då behovet for nye lager blir mindre. Dersom CO2 lagrast i eit oljefelt bidreg skummet til å redusere klimaavtrykket frå olja som vert produsert og representerer et stort industrielt forretningspotensiale for CO2 lagring. Avhandlinga karakteriserer CO2-skum danna med ulike surfaktanter på fleire skalaer: eksperiment har blitt utført på pore– og kjerneskala i laboratorie i Bergen og Trondheim, medan teknologitesting har blitt utført på pilotskala i eit oljefelt i Texas, USA. Avhandlinga er eit resultat av forskingssamarbeid mellom Universitet i Bergen og SINTEF Industri, der det overordna målet har vore å utvikle skum-teknologi for mogleg implementering på norsk sokkel.

Personalia

Tore L. Føyen (f. 1991) har bachelorgrad i Petroleum– og Prosessteknologi og mastergrad i Reservoarfysikk frå Universitet i Bergen. Doktorgradsarbeidet i Reservoarfysikk har vært utført ved Institutt for Fysikk og Teknologi, Universitetet i Bergen og SINTEF Industri i perioden 2017-2020. Arbeidet har vore finansiert av Norges Forskningsråd. Rettleiarar har vore Professor Arne Graue, Professor Martin Fernø, og forskar Bergit Brattekås ved UiB og seniorforskar Torleif Holt ved SINTEF.