Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Utvikling av nye molekyl for behandling av hjernekreft

Davide Cirillo disputerer 18.12.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Design and Development of xCT antiporter inhibitors for the treatment of glioblastoma".

Hovedinnhold

Den nest største dødsårsaka globalt er kreft, det er ein sjukdom som skuldast unormal og ukontrollert cellevekst. Glioblastom er ein type hjernekreft som påverkar gliaceller. Fleire ulike behandlingar har blitt utvikla for å kurere denne sjukdomen. Dei er sjeldan vellykka og ofte med alvorlege biverknader, ettersom selektivitet mellom friske celler og kreftceller er vanskeleg å oppnå. Strålebehandling er ein av dei mest effektive behandlingane mot glioblastom, og er basert på bruk av γ-stråling. γ-Stråling kan forårsaka eit så høgt nivå av oksidativt stress i cella at det resulterer i celledød. På tross av god effektivitet og mindre systemiske biverknader, kan kreftcellene kjempa mot det oksidative stresset ved å auke produksjonen av antioksidantar, og dermed klare å overleve strålebehandlinga. PhD-prosjektet starta med design og syntese av nye inhibitorar for xCT-antiporter. Dette er eit protein som importerer byggjesteinane til glutation inn i cella. Glutation er den viktigaste cellulære antioksidanten. DC10, eit nyleg syntetisert molekyl, har vist seg å ha god effekt som inhibitor for biosyntesen av glutation. DC10 viste seg å vere eit så spennande molekyl at in vivo forsøk er planlagt for å vurdera effektiviteten på dyr. Derfor har ein effektiv oppskalering for syntesen til DC10 på ein multigram skala blitt utført. Syntesevegen bestod av fire steg med tre karbon-karbon bindingsreaksjonar. Det siste prosjektet bestod av ein oksidativ Heck reaksjon utført på ulike vinyl-imidazol strukturar. Reaksjonen gav høge utbytter, og brukte det svake oksidasjonsmiddelet, MnO2.

Personalia

Davide Cirillo (f. 1992) har ein mastergrad innan farmasøytisk kjemi frå Universitet i Milan. Doktorgradsarbeidet vart utført i forskningsgruppa for organisk syntese og legemiddelkjemi ved Kjemisk Institutt, Universitetet i Bergen med professor Hans-René Bjørsvik som rettleiar.