Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Komplikasjonar etter kirurgi ved dårleg ernæringsstatus

Eli Skeie disputerer 23.4.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "The association between malnutrition and postoperative complications, and the potential for prevention of both".

Hovedinnhold

Ein av tre pasientar på sjukehus er underernærte eller i risiko for å bli det. Som ein del av doktorgradsavhandlinga har Eli Skeie vist det er rom for ytterlegare førebygging og behandling av underernæring, noko som truleg kan redusera førekomsten av komplikasjonar ved kirurgi. Sjølv om fleire med behov fekk ernæringsbehandling i perioden 2008-2018, var det likevel minst 25 prosent som ikkje fekk det kvart år, og kirurgiske pasientar fekk sjeldnare behandling av klinisk ernæringsfysiolog enn ikkje-kirurgiske pasientar.

Identifisering og behandling av underernæring har generelt vore mangelfull over lengre tid, både nasjonalt og internasjonalt. Underernæring er vanskeleg å sjå med det blotte auga, mellom anna sidan dei fleste i vår befolkning kan miste vekt og/eller muskelmasse utan å bli avmagra. Difor har helsemyndigheiter jobba for å implementera verktøy som kan vera til hjelp for å kartlegge risiko for underernæring og diagnostisere tilstanden samt rutinar for førebygging og behandling. Doktorgradsavhandlinga brukte data frå lokale og nasjonale kvalitetsregister. Ein undersøkte tre problemstillingar: 1) om pasientar som vert identifisert til å vera i risiko for underernæring ved hjelp av kartleggingsverktøyet på sjukehuset også har høgare risiko for postoperative sårinfeksjonar, 2) om pasientar med diagnostisert underernæring før operasjon har høgare risiko for alvorlege komplikasjonar etter kirurgi, og 3) og om den helsepolitiske innsatsen har ført til betre ernæringspraksis på sjukehus i løpet av ein 11-års tidsperiode.

Avhandlinga konkluderte med at verktøya som kartlegg risiko og diagnostiserer underernæring også identifiserer pasientar med auka sannsyn for komplikasjonar etter kirurg. Vidare konkluderte avhandlinga med at det er potensiale for ytterlegare førebyggjande tiltak for å hindra underernæring, og dermed også kirurgiske komplikasjonar. Ernæringstiltaka bør truleg i større grad starte før innlegging på sjukehus og sikrast etter utskriving.

Personalia

Eli Skeie (f. 1987) kjem frå Norheimsund, er utdanna klinisk ernæringsfysiolog ved Universitetet i Bergen og tilsett i Forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus. Arbeidet er finansiert av Helse Vest og gjennomført ved Senter for Ernæring, Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen, og forskargruppa for Pasientsikkerheit ved Haukeland Universitetssjukehus. Hovudrettleiar er professor Stig Harthug, og medrettleiarar er PhD Randi Julie Tangvik og PhD Anne Mette Koch.