Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kva vil eg gjere og kven vil eg vere som norsklærar?

Øyvind Wiik Halvorsen disputerer 22.4.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Aktørskap hjå norsklærarar i vidaregåande skule – Ein sosiokulturell intervjustudie".

Hovedinnhold

Lærarar si verksemd går alltid føre seg innan bestemte institusjonelle og politiske rammer, og er såleis bunden. Samstundes er verksemda særmerkt med ei openheit for eit mangfald av føremål, innhald og verkemiddel. I vekselverknaden mellom det opne og det bundne, står læraren overfor spørsmål om kva ein bør gjere og kven ein bør vere – spørsmål som handlar om å gi retning og ta eigarskap til arbeid og identitet.

Denne doktorgradsavhandlinga er ein artikkelbasert intervjustudie med mål om å undersøkje norsklærarar i vidaregåande skule sine erfaringar med å påverke, gjere val og gi retning i eiga pedagogisk verksemd og i samband med kva type lærar dei ynskjer å vere. Desse erfaringane vert forståtte og utforska som uttrykk for læraraktørskap (teacher agency).

Med utgangspunkt i sosiokulturelle perspektiv (Vygotskij, Bakhtin), analyserer avhandlinga korleis læraraktørskap vert forma i samspel mellom lærarar og ressursar og avgrensingar i læraren sin kontekst. Tre slike kontekstuelle ressursar og avgrensingar vert utforska, nemleg erfart profesjonelt handlingsrom, faglege visjonar og fagleg identitet.

Eit overordna funn i avhandlinga er rolla mangfaldet av fagtradisjonar og språklege ressursar i norskfaget speler i å forme læraraktørskap. Avhandlinga diskuterer også læraraktørskap i samband med profesjonalitet, mellom anna knytt til spørsmål om dømekraft, kunstnarskap og ansvar.

Personalia

Øyvind Wiik Halvorsen (f. 1988) er oppvaksen i Florø. Han har mastergrad i nordisk språk og litteratur og er utdanna lektor med praktisk-pedagogisk utdanning frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet vart utført som ph.d.-stipendiat ved Institutt for pedagogikk. Hovudrettleiar for avhandlinga har vore professor Marit Ulvik. Medrettleiar har vore fyrsteamanuensis Liv Eide. Halvorsen arbeider no som fyrsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk.