Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Magnus Lagabøters nye formuerett for mellomalderen

Brage Thunestvedt Hatløy disputerer 22.6.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Kontinuitet og endring i formueretten i Magnus Lagabøters landslov av 1274".

Hovedinnhold

I år 1274 gav Kong Magnus 6 Håkonsson ei ny lov for det norske riket, som me i dag kallar Magnus Lagabøters landslov eller Landslova. For fyrste gong i norsk rettshistorie gjaldt det like lover ved alle fire lagtinga i Noreg: Gulating, Frostating, Borgarting og Eidsivating. Landslova var gjeldande rett i Noreg i over 400 år, frå 1604 i dansk omsetjing, fram til den vart erstatta av Christian 5s Norske Lov i 1687.

Brage Thunestvedt Hatløy har i si avhandling studert korleis Landslova liknar på og skil seg frå eldre samanliknbare rettskjelder, og innhaldet i Kjøpebolken vert samanlikna med reglar frå Den eldre Gulatingslova, Frostatingslova og Bjarkøyretten for Nidaros. Kjøpebolken omhandlar tema som me i dag vil kalla formuerettslege: gjeldskrav, kjøp og sal, handelsreisande, pantsetjing med meir.

Samanlikninga viser at Landslova sin Kjøpebolk i stor grad har nytta både rettsleg innhald og oppbygging av teksten frå dei eldre lovene, og særleg Gulatingslova sin Kjøpebolk har spelt ei sentral rolle. Samstundes viser studien at medan Landslova i utgangspunktet brukte strukturar og reglar som ville vore kjende frå eldre rett, så har over halvparten av innhaldet i Kjøpebolken tydelege rettslege skilnadar samanlikna med eldre rett.

Gjennom ei nærare analyse av desse likskapane og skilnadane, studerer avhandlinga korleis forfattarane av Landslova har gjort medvitne val og prioriteringar i arbeidet med Kjøpebolken. Avhandlinga skildrar til dømes særleg tydelege utviklingar for gjeldskrav og tvisteløysing. Det er også tydeleg korleis Landslova har vore gjenstand for aktiv strukturering og redigering, og var meint å fungere som eit samanhengande lovverk i større grad enn eldre rett.

Personalia

Brage T. Hatløy (f. 1992) er utdanna jurist med mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen, og har vore tilsett som stipendiat ved Det juridiske fakultet. Rettleiar har vore professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde, no ved Universitetet i Oslo.