Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Ny kunnskap om feittlagring i abdominale feittceller

Divya Sri Priyanka Tallapragada disputerer 24.6.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Novel adipose genes in substrate- and depot-dependent lipid accumulation".

Hovedinnhold

Forstyrra feittvevsfunksjon ved fedme er kopla til auka risiko for insulinresistens (IR) og type 2 diabetes (T2D). I dette arbeidet har vi studert nye mekanismar for feittlagring in feittceller i abdominalt underhudsfeitt og bukfeitt, og metabolske endringar i desse feitt-depota som kan fremje livsstilsrelaterte sjukdomar.

Ved å samanlikne uttrykk av gen i feittvev frå personar med fedme og IR, oppdaga vi SLC7A10 som ein sterk kandidat i reguleringa av feittcellefunksjon. SLC7A10 er ein nøytral aminosyretransportør for aminosyra serin inn i feittceller. Vi fant at hemming av SLC7A10 i humane feittceller i kultur reduserer cellulær antioksidantproduksjon og mitokondrierespirasjonen, og fremmar oksidativt stress og feittlagring. Vi observerte vidare at hemminga reduserte cellene sitt opptak av glukose men auka opptak av forgreina aminosyrer (valin, leucin og isoleucin), som kan ha bidratt til den auka feittlagringa/insulinresistensen.

Prosjektet har også vist at tilsats av frie feittsyrer (FFA) til humane feittceller frå bukfeitt aukar feittlagringa i desse cellene, medan tilsats av glukose og aminosyrer aleine ikkje gjer detteSamanlikna med feittceller frå underhudsfeitt observerte vi også ulikskapar i forbruket av aminosyrer, delvis avhengig av feittsyretilsatsen i løpet av differensieringsprosessen i cellekulturane. I den populasjonsbaserte Helseundersøkingane i Hordaland (HUSK) fann vi i tillegg teikn på at genvariantar som er assosiert med mengda bukfeitt har samanheng med blodkonsentrasjonar av forgreina aminosyrer and andre lipogene aminosyrer.

Alt i alt har vi i dette arbeidet oppdaga nye gen, sporvegar og mekanismar som påverkar feittcellefunksjon, feittlagring og insulinresistens. Oppdagingane hjelper oss å forstå korleis feittceller frå underhudsfeitt og bukfeitt brukar næringsstoff ulikt, og korleis endringar i desse prosessane verkar inn på mengde bukfeitt, insulinresistens og relaterte sjukdomar.

Personalia

Divya Sri Priyanka Tallapragada (b. 1991) har mastergrad i Farmakologi og Toksikologi frå NIPER, Mohali, India (2013). Ho har fullført doktorgrad ved Klinisk Institutt 2 (K2) ved Universitetet i Bergen (UiB) og Hormonlaboratoriet ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS). Førsteamanuensis/forskar Simon Erling Nitter Dankel ved K2, UiB var hovudrettleiar. Førsteamanunesis Melina Claussnitzer (Broad Institute of MIT and Harvard) og Professor dr. med. Gunnar Mellgren (K2 og HUS) var medrettleiarar.