Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Er klinisk tilbakemelding nyttig i psykisk helsevern?

Stig Magne Solstad disputerer 30.9.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Patients’ experiences with routine outcome monitoring and clinical feedback systems in psychotherapy".

Hovedinnhold

Dei fleste som får psykologisk behandling blir betre, men oppimot ein tredjedel syner lite eller ingen betring, og oppimot fem prosent blir verre. Dette er ein av dei største utfordringane innanfor psykisk helsevern.

Klinisk tilbakemelding går ut på å regelmessig samle inn informasjon om pasientar si psykiske helse medan dei er i behandling. Dette gjev pasientar større innverknad, og legger til rette for behandling som er meir individuelt tilpassa og meir verksam. Mesteparten av forskinga på klinisk tilbakemelding har forsøkt å talfeste kor mykje det påverkar behandling. Det er forska lite på korleis det påverkar behandling. For å gjere klinisk tilbakemelding, og dermed også psykologiske behandlingar, meir verksame, må me vite meir om nettopp dette.

Føremålet med denne doktorgraden er å gje oss ei betre forståing av korleis klinisk tilbakemelding påverkar behandlingar, ved å undersøke korleis det blir opplevd av pasientar. Doktorgraden består av ein litteraturgjennomgang av tidlegare forsking på pasientars erfaringar med klinisk tilbakemelding, og ei videoassistert intervjustudie med tolv pasientar frå ein norsk poliklinikk. Desse studiene syner at pasientar har både positive og negative erfaringar. Klinisk tilbakemelding kan forbetre behandling ved å styrke kommunikasjonen mellom behandlar og pasient, og identifisere viktige terapeutiske tema. Men det kan også vere til hinder for god behandling, spesielt dersom pasientar ikkje får nok informasjon eller ikkje ser nokon nytteverdi. Det vert gjeve eksempel på god og dårleg bruk, og konkrete tilrådingar for korleis klinisk tilbakemelding kan gjerast nyttig for pasientar. Eit hovudpoeng er at behandlarar og pasientar bør få friheit til å bruke klinisk tilbakemelding på ein fleksibel og individuelt tilpassa måte.

Personalia

Stig Magne Solstad (f. 1986) er utdanna psykolog ved Universitetet i Bergen (2008-2013) og spesialist i klinisk vaksenpsykologi (2019), tilsett i Helse Førde. Han er tilknytta forskarskulen for klinisk- og utviklingspsykologi (CDP) ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet. Professor Christian Moltu ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde er hovudrettleiar. Professor Per-Einar Binder (UiB) og professor Louis George Castonguay (The Pennsylvania State University) er birettleiarar.